Bergart er eit geologisk uttrykk som vert nytta til å klassifisere forskjellige typar stein på same måte som art vert nytta i biologien. Læra om bergartane vert kalla petrologi, som omfattar dei bergartdannande prosessane i og på overflata av jorda, men mest klassifiseringa av bergartane ut frå strukturen og kva for mineral dei er bygd opp av.

Fjellsida nær Orosí i Costa Rica.

Bergarter er danna av mineral og material frå eldre forvitra bergarter, og er kjemisk samansett. Men òg kalkrike rester frå dyr (kalkstein og marmor) kan inngå i ein bergart. Det er måten bergarten er vorte danna på og samansetjinga av minerala som gjev bergartane forskjellige eigenskapar.

Det vert skild mellom tre hovudgrupper av bergarter, ut frå korleis dei har vorte danna.

Magmatiske bergartar endre

  • Magmatiske bergartar er bergartar som har vorte danna ved at magma frå det indre av jorda har størkna. Dette kan skje på jordoverflata i samband med vulkanisme. Slike bergarter er størkna (avkjølt) hurtig og vert kalla dagbergartar. Dei som størknar på veg opp til overflata vert kalla gangbergartar. Bergartane kan òg dannast ved at magma størknar ned i jordskorpa. Som i kanalen til ein vulkan. Desse vert kalla djupbergartar.

Sedimentære bergartar endre

  • Sedimentære bergartar er bergartar som har vorte danna ved avsetning (sedimentering) av mineral og gamle bergartsfragmentar. Dette skjer for det meste på botn av vatn (havbotn), men avsetninga kan òg ha skjedd ved vind.

Metamorfe bergartar endre

  • Metamorfe bergartar er ei omdanna bergart. Omdanninga (metamorfosen) skjer når ein bergart (eller fleire) vert utsett for høgt trykk og temperatur, slik at han smeltar. Bergarten vil då bli omstrukturert og minerala vil verte heilt eller delvis omkrystallisert. Ein metamorf bergart er danna frå magmatiske- eller sedimentære bergarter, eller frå ei blanding av begge.

Vanlege bergartar endre

Namn Kategori (etter danning) Hovudmineral Eigenskapar Bruksområde
Granitt Magmatisk Feltspat, kvarts, biotitt Hard, slitesterk Bygnings- og prydstein
Syenitt Magmatisk Feltspat, biotitt, Hard, slitesterk Bygnings- og prydstein
Gabbro Magmatisk Feltspat, mørke minral Hard, seig Pukk, vegdekke
Basalt Magmatisk Feltspat, pyroksen Hard, seig Pukk, vegdekke
Leirstein Sedimentær Illitt, kloritt Mjuk, kan svelle i vatn Råstoff for sement
Sandstein Sedimentær Kvarts Porøs Bygningsstein
Konglomerat Sedimentær Forskjellig - Prydstein, bygningsstein
Kalkstein Sedimentær Kalsitt (kalkspat) Hard, finkorna Bygningsstein, råstoff for sement m.m
Leirskifer Metamorf Kvarts, glimmer Skifrig Taktekking, heller
Kvartsitt Metamorf Kvarts Særs hard Silisiumråstoff, vegdekke
Marmor Metamorf Kalsitt (kalkspat) Tydeleg krystallin, gjennomskinnelig Bygnings- og prydstein, filler
Kleberstein Metamorf Talk, kloritt, magnesitt Mjuk, massiv Pryd- og bygningstein
Gneis Metamorf Kvarts, feltspat, glimmer Massiv til skifrig Bygningsstein, pukk
Amfibolitt Metamorf Plagioklas, hornblende Massiv til skifrig Fyllmasse, pukk

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergart

Kjelder endre