Arfan Qadeer Bhatti (fødd 9. august 1977) er ein norsk islamist av pakistansk slekt. Han er tidlegare dømd for medverknad til skytinga imot synagogen i Oslo,[1] ha vore med i Young Guns,[2] og sikta for medverknad til masseskytinga i Oslo som fann stad 2022.[3]

Arfan Bhatti
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1977 (46 år)
Medlem av Young Guns
Ektefelle Margrethe Salvesen

I 2008 vart han dømd for psykisk medverkned til skadeverk på synagogen i Oslo, men frikjend for tiltalepunktet om terrorplanlegging.[4]

I januar 2013 vart Bhatti meld sakna av familien medan han var i Pakistan. Det kom seinare same året fram at han var i fengsel i Dei føderalt styrte stammeområda i landet, der han sona ein dom på 6 år.[5] I 2015 kom Arfan Bhatti tilbake frå Pakistan, han vart gripen på Gardermoen flyplass av norsk politi sikta for trugslar og familievald.[6]

Våren 2022 vart Arfan Bhatti saman med seinare terrorsikta Zaniar Matapour stansa i ein bil i forbinding med ein SIAN-demonstrasjon.[7]

Den 23. september 2022 vart Arfan Bhatti internasjonalt etterlyst av norsk politi, på bakgrunn av hans kontakt med Zaniar Matapour som stod bak masseskytinga i Oslo den 25. juni 2022.[8]

Kjelder endre

  1. Aftenposten.no: Bhatti frifunnet for terror 03.06.2008
  2. Dagbladet.no: - Jeg lever for Islam, og hater norske verdier 26.08.2002
  3. AS, TV 2 (23. september 2022), «Arfan Bhatti etterlyst for terroren i Oslo», TV 2 (på norsk), henta 23. september 2022 
  4. Bergsaker, Harald S. Klungtveit, Bjørn S. Kristiansen, Torgeir P. Krokfjord, Gunnar Hultgreen, Line Fransson, Tore (20. januar 2012), «- Dette er ikke en trussel, men en advarsel til deres eget beste», dagbladet.no (på norsk), henta 23. september 2022 
  5. Bhatti til TV 2: Ønsker ikke hjelp av de vantro
  6. [1]
  7. [2]
  8. Waaler, Ingrid Emilie (23. september 2022), «Politiet hasteinnkaller til pressekonferanse om Oslo-skyting», NRK (på norsk bokmål), henta 23. september 2022 

Bakgrunnsstoff endre