Zaniar Matapour (fødd i 1979) er ein norsk-iransk mann sikta for terror etter han den 25. juni 2022 skaut inne på puben Per på hjørnet i Oslo. To menn vart drepne og 21 skada.[1][2]

Zaniar Matapour

Statsborgarskap Norsk
Fødd 1979 (45 år)
Sanandaj
Språk norsk
Religion Islam
Kriminell status Sikta for terror
Zaniar Matapour på Commons

Bakgrunn

endre

Zaniar Matapour kom som flyktning frå Iran til Noreg i 1991, etter at familien hadde vore to år i Pakistan. Dei busette seg i Bergen og flytta seinare til Oslo. Matapour har lenge slite med psykiske vanskar, og har vorte diagnostisert med diagnosen paranoid schizofreni.[3]

Zaniar Matapour vart dømd for knivstikking i 1999, men seinare frifunnen på fleire punkt. Seinare vart han dømt for lagring av 100 gram kokain, sikta for å ha avfyrt skot i Oslo og dømt for å ha gått med ein kniv på ein offentleg stad.[1] Han har vore i søkjelyset til PST sidan 2015, og har hatt fleire samtalar med Politiets tryggingsteneste. Desse samtalane vert gjennomførte med personar som står i fare for å verta radikalisert. Den siste samtalen var berre nokre veker før skytinga i Oslo

Matapour har vore i kontakt med Arfan Bhatti, ein tidlegare dømd islamistisk ekstremist. Våren 2022 vart Zaniar Matapour saman med Bhatti stansa i ein bil i forbinding med ein SIAN-demonstrasjon.[4]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Holm-Nilsen, Sverre (25. juni 2022), «Zaniar Matapour (42) er terrorsiktet etter skytingen i Oslo», NRK (på norsk bokmål), henta 28. juni 2022 
  2. «Bhatti på Facebook: «Udyr»». Dagbladet (på norsk). 27. juni 2022. Henta 29. juni 2022. «43 år gamle Zaniar Matapour er siktet for drap, drapsforsøk og terror etter å ha skutt rundt seg i Rosenkrantz' gate i Oslo natt til lørdag. Kåre Hesvik (60) og Jon Erik Isachsen (54) ble drept, og 21 personer ble skadd.» 
  3. Hatlo, Torgeir P. Krokfjord, Jesper Nordahl Finsveen, Siri Åbø Wiersen, Madeleine (25. juni 2022), «Historien om Zaniar Matapour (42)», dagbladet.no (på norsk), henta 28. juni 2022 
  4. «Opplysninger til VG: Oslo-skytter stoppet i bil sammen med Arfan Bhatti», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 28. juni 2022