Argenta
kommune i Italia
Argenta er ein by og ein kommune i provinsen Ferrara i regionen Emilia-Romagna i Italia. Kommunen har vel 22 000 ibuarar og dekker eit areal på 283 km². Han ligg 19 kilometer søraust for provinshovudstaden Ferrara.
Argenta ligg i eit flatt område, nær våtmarkane i Comacchio (Valli di Comacchio). Store delar av våtmarkane er i dag naturreservat. Argenta hyser sumplands-museet. Landbruk er hovudnæring i kommunen.
Byen vart grunnlagt under Romarriket.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Argenta, Emilia–Romagna» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2013.