Arild Bergström

Arild Bergström (f. 1947) er ein norsk biletkunstnar og var direktør for Nordisk Kunstnarsenter i Fjaler.

Arild Bergström
Fødd 9. oktober 1947 (73 år)
Yrke kunstmålar
Ektefelle Reidun Færøy Bergstrøm

Han utdanna seg ved Kunst- og handverksskulen i Bergen, og seinare ved Jan van Eyck-konservatoriet i Nederland. Bergström debuterte på Vestlandsutstillinga i 1970, og har sidan mellom anna vore representert der og på Statens haustutstilling fleire gongar.

På 1970-talet var Bergström medlem av den kjende «Lyn-gruppa», samansett av unge Bergens-kunstnarar. Saman med desse hadde han ei mengd utstillingar fleire stader i Noreg og i utlandet.

Har hatt seperate utstillinger i Sogn og Fjordane Fylkesgalleri/Kunstmuseum, Hordaland kunstsenter, ved galleri i Porsgrunn og Haugesund, og delteke på fleire utstillingar i utlandet, mellom anna i Aachen i Tyskland, og på Ungdomsbiennalen i Paris.

Bergström flytta i 1973 til Færøy i Solund og burdde og arbeidde der fram til 1995, då han vart direktør for det nyskipa Nordisk Kunstnarsentar på Dalsåsen i Dale i Sunnfjord.