Arild Hermstad

norsk politikar

Arild Hermstad (fødd 15. oktober 1966 i Bergen) er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Sidan den 26. november 2022 har han vore leiar for MDG.[1]

Arild Hermstad

Fødd15. oktober 1966 (58 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
Norges handelshøyskole
Alle verv

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Hermstad har hovudfag i samfunnsgeografi ved Universitetet i Bergen og to åra studiar økonomi ved Norges handelshøyskole.

Han er busett i Oslo med kone og to born.

Karriere

endre

Hermstad har arbeidd i bank, som brigadekoordinator i Latin-Amerika, med lokalt miljøarbeid i Bergen og i Raftostiftinga. Hermstad var leiar for Framtiden i våre hender frå 2001 til 2017, og styreleiar i Syklistenes Landsforening frå 2013 til 2018.[2]

I perioden mellom 2018 og 2020 var Hermstad den nasjonale talspersonen til MDG saman med Une Bastholm.[3] Han vart valt til nestleiar i partiet på landsmøtet den 25. april 2020. Frå 2. januar 2020 til 9. mars 2021 var han vikarierande byråd i Oslo, dels for miljø og samferdsle, dels for byutviking.[4][5]

Ved stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2021 var han fyrstekandidat i Hordaland for MDG.[6][7][8]

Kjelder

endre
  1. «Arild Hermstad vant kampvotering med én stemme - ny MDG-leder» (på norsk). 26. november 2022. Henta 26. november 2022. 
  2. «Arild Hermstad», Miljøpartiet De Grønne, henta 12. mai 2023 
  3. «Arild Hermstad valgt til ny leder i MDG». Aftenposten. Henta 13. mai 2018. 
  4. Suvatne, Steinar Solås (20. desember 2019). «Hermstad erstatter Lan Marie Berg» (på norsk). Henta 2. mars 2020. 
  5. «Hermstad ut av byrådet», notis på nrk.no 5. mars 2021; besøkt 18. mars 2021.
  6. valg.no Vallister og kandidatar 2017
  7. MDG Hordaland
  8. «Namn på vallista: Miljøpartiet Dei Grøne» (PDF). valg.no. 7. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Arild Hermstad