Arioso
Ein arioso er i klassisk musikk ein type operasong for solist mellom ein resitativ og ein arie. Bokstavleg tyder arioso luftig. Uttrykket dukka opp på 1500-talet i lag med dei andre nemnde typane og monodi. Han vert ofte forveksla med resitativ accompagnato.
Arioso liknar ein resitativ på grunn av den frie strukturen og bøyingane, som ligg tett opp til talen. Han har derimot ein annan rytme. Arioso liknar ein arie på den melodiske forma, og begge er nærare song enn resitativ; men dei har forskjellig form og i ein arioso har ein sjeldan gjentakingar.
Døme på ariosoer er finalen i første akt av Mozarts Tryllefløyta og starten på kantaten Ich steh mit einem Fuß im Grabe av Johann Sebastian Bach.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Arioso» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Omsett frå Arioso [1]
Sjå ògEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Bachs Arioso spelt av cellisten Julian Lloyd Webber