Arkitrav

Arkitrav (av gresk archi og latin trabs, «hovudbjelke»), òg kalla epistyl, er hovudbjelken som kviler direkte på søylekapitelane i klassisk arkitektur. Bjelken er den nedste, berande delen av entablementet (det øvre horisontale bjelkelaget i klassisk gresk arkitektur som består av arkitrav, frise og karniss).

Søyle av dorisk type, og entablement. Engelske termar påført

I greske tempel, som i hovudsak er laga av kalkstein eller marmor, varierer lengda på arkitravblokkenes mellom 2,50 og 4,50 meter. Den lengste arkitraven strekkjer seg over den breie, midterste inngangen i Akropolis i Aten. Han består av to blokker som ligg inntil kvarandre og er 5,43 meter lang, 1,15 meter høg og 1,44 meter brei. I egyptiske tempel finst det arkitravar med mykje større lengd.

Arkitraven er ulik i dei ulike klassiske søyleordenane. Den doriske arkitraven er slett, og blir avslutta øvst med ei svakt framspringende list. Under denne spring kortare plater fram, kvar med seks dropar under, rett over kvar triglyf. Dei joniske og korintiske arkitravene er oppdelte i to eller som regel tre svakt utspringande felt over kvarandre og blir vanlegvis avslutta øvst med meir eller mindre rikt profilerte lister.

GalleriEndra

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Gunnarsjaa, Arne (1999) Arkitekturleksikon. Oslo : Abstrakt forlag. ISBN: 82-7935-007-1 (e-bok fra bokhylla.no)