55°38′00″N 13°04′00″E / 55.63333°N 13.06667°E / 55.63333; 13.06667

Arlövs kyrkja
Elisetorpsvägen i Arlöv

Arlöv er ein svensk tettstad og centralort i Burlövs kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 9 108 innbyggjarar. Arlöv er ein del av byen Malmö.

Arlöv er mest kjend for sukkerindustrien sin, Sockerbolaget AB (bygd 1869 og i dag ått av danske Danisco Sugar), og for «hon som jobba i tvätten i Arlöv», nemleg Hanna från Arlöv.

I Arlöv ligg mellom anna Arlövs kyrkje og det store kjøpesentret Burlöv Center. Aust for Arlöv er den store avkjørselen som fører ein frå Yttre Ringvägen til Malmö og motorvegane E6 og E22. Arlövs sentrum består av Sockerbitstorget, som minner om eit bymessig torg med store steinhus. Det blir pryda av ein skulptur som forestiller to menn som arbeider med sukker. Fram til 1953 var torget det staden der vegen frå Lund, Riksfyran og vestkystvegen Rikstvåan møttest på veg inn/ut frå Malmö. Eit steinkast derfrå ligg ein annan arlövssilhuett, Sockerbruket.

Millionprogråka på 1960-talet innebar ei fordobling av innbyggjartalet i Arlöv. Med dei mange høghusa sine har Arlöv eit preg som skil det frå dei fleste andre tettstader i Malmö-Lund-regionen.

Bakgrunnsstoff endre