Armançon er ei elv nordvest i Bourgogne i Frankrike. Ho har utspring i departementet Côte-d'Or i ei høgd på 380 meter, og etter 174 km munnar ho ut i Yonne frå høgre ved Migennes i ei høgd på 79 meter.

Armançon
elv
Armançon
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 2 990 km²
Lengd 174 km
Middelvassføring 30 /s
Kjelde Bourgogne
 - høgd ±380 moh.
Munning Yonne
 - høgd 79 moh.
Kart
Armançon
47°57′08″N 3°30′30″E / 47.952222222222°N 3.5083333333333°E / 47.952222222222; 3.5083333333333
Wikimedia Commons: Armançon

Elveleiet endre

Elva har sitt utspring to kilometer nordvest for Meilly-sur-Rouvres i distriktet kalla Auxois. Ho renn ned den vestlege vollskråningen Côte d'Or og langs grensa til Morvan. Den øvre elvedalen er nytta av Canal de Bourgogne og motorvegen A6, men dei to går kvar sin veg, og elva ligg i mellom dei og renn her mellom anna gjennom den vesle landsbyen Semur-en-Auxois. Like nedanfor Semur mottar elva Cernant.

Nær Buffon, nordvest for Montbard, møte ho igjen kanalen som kjem frå Brennedalen og her ligg òg jarnbanen som går frå Dijon til Paris (Gare de l'Est). Like nedanfor møter ho sideelva Bornant, og Armançon renn inn i departementet Yonne. Like nedanfor St. Florentin kryssar jarnbanen TGV mellom Paris og Lyon og Avignon elva. Ved Migennes munnar elva ut i Yonne.

Sideelvar endre

Dei største sideelvane er:

Kjelder endre

  • Michelin France Tourist and Motoring Atlas 1:200 000e (2002)
  • Dercourt, J. et al. Carte Géologique de la France à l'Échelle du Millionième (2003)