Opna hovudmenyen

Côte-d'Or

franske departement
Côte-d'Or
Våpenskjoldet til Côte-d'Or
Plassering
Plasseringa til Côte-d'Or i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 21
Region: Bourgogne
Préfecture: Dijon
Sous-préfectures: Beaune
Montbard
Arrondissement: 3
Kantonar: 43
Kommunar: 707
Président du conseil général: Louis de Broissia
Statistikk
Folketal Rangering 49.
 -1999 506 755
Folketettleik: 58/km²
Landareal¹: 8 763 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Côte-d'Or er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bourgogne.

HistorieEndra

Drôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Burgund.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Bourgogne og grensar til departementa Yonne, Nièvre, Saône-et-Loire, Jura, Aube og Haute-Marne.

Ei rekkje åser kalla Plateau de Langres går frå nordaust til sørvest gjennom departementet nord for Dijon, og held fram sørvestover Côte d'Or-skrenten, som har tatt namn etter departementet. Det er i skrenten som vender mot søraust at den kjende Bourgognevinen vert dyrka. Vest for Plateau de Langres, mot Champagne, ligg det tett skogområdet Châtillonais. Søraust for platået og skrenten ligg det ein vid og flat dal som elva Saône renn gjennom.

Av elvar finn ein:

  • Saône
  • Seinen har sitt opphav sør på Plateau de Langres.
  • Ouche har sitt utspring ved skrenten og renn ut i Saône etter Dijon.
  • Armançon har sitt utspring ved skrenten og renn nordvestover.
  • Arroux har sitt utspring ved skrenten sør i departementet.

KlimaEndra

Klimaet i departementet er temperert med mykje regn på vestsida av åsrekkja.

ØkonomiEndra

Departementet er eit av dei beste vinområda i Frankrike. Andre avlingar er mellom anna kornavlingar og poteter. Det vert òg avla sau og kveg i området. Regionen er kjend for sennepen frå Dijon.

I tillegg har ein kolgruver og tungindustri som stål, maskineri og steintøy. Dei største industriområda ligg i nærleiken av Dijon.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert kalla côte-d'oriens.

TurismeEndra

Nokre store turistattraksjonar er den gotiske klosterkyrkja Saint-Seine-l'Abbaye og den romanske klosterkyrkja i Saulieu, i tillegg til Château de Bussy Rabutin i Bussy-le-Grand. Klosteret Cîteaux, hovudkvarter for cisterciensarordenen, ligg aust for Nuits-Saint-Georges sør i departementet.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Côte-d'Or