Arnö
58°43′31.624″N 17°1′4.1592″E / 58.72545111°N 17.017822000°E Arnö er ein tettstad i Nyköpings kommun i Södermanlands län i Södermanland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 3 925 innbyggjarar.
Arnö ligg sør for administrasjonssenteret Nyköping, langs riksväg 53 og jernbanen mot Oxelösund. I området ligg mellom anna Arnöanstalten, Herrhagsskolan og Långsättersskolan.
Området blei første gong utbygd på slutten av 1970-talet i regi av dåverande BPA og Anders Diös. Deretter har området gradvis blitt utvida.
Her finn ein idrettslaget Arnö IF, som driv med baseball og softball.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arnö» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.