Opna hovudmenyen
Ein slagmann slår ballen med balltreet

Baseball er ein sport som særleg er populær i USA og Aust-Asia, og som vert spela av to lag som skiftar på å vere i angrep og forsvar. Prinsippet i spelet er at slagmenn frå det angripande laget prøver å slå ein ball som er kasta frå «pitcheren» til forsvarslaget, og deretter springe innom tre basar før han når heimebasen att. Det er berre ved å springe ei komplett runde rundt basane poeng kan scorast. Dei totalt ni omgangane, der kvart av laga er éin gong kvar i angrep, vert kalla «innings» (omgangar). Det vert kravd tre «outs» for at laga skal bytte side. Ved uavgjort resultat etter ni innings held kampen fram ved å spele ekstra innings til eit av laga har scora poeng, og dermed vunne kampen.

Innhaldsliste

HistorieEndra

Ein meiner at baseball stammar frå cricket eller liknande balltre- og ball-spel. Dei fyrste nedteikningane stammar frå 1791 i Pittsfield i Massachusetts i USA, men profesjonell baseball slo fyrst gjennom i USA omkring 1865. I 1876 vart National League grunnlagd, og i 1901 fylgde opprettinga av American League. Desse to ligaene eksisterer framleis, og under eitt vert dei kalla for Major League Baseball (MLB).

Proff-serien i USA for kvinner vara frå 1943 til 1954, All-American Girls Professional Ball League (AAGPBL).

Baseball spelte ei sentral rolle i den amerikanske borgarrettsrørsla i 1947, då Jackie Robinson, som var afro-amerikanar, byrja å spele på laget Brooklyn Dodgers og dermed braut ned den såkalla «fargebarrieren». Før dette hadde Major League vore berre for kvite, medan dei mørkhuda hadde sin eigen liga, Negro League.

På grunn av lønsstridar var det i løpet av 1970- og 1980-talet enkelte mindre streikar i dei profesjonelle rekkene, og det kulminerte i 1994 med avlysinga av den siste halvdelen av sesongen. Situasjonen vart fyrst løyst i byrjinga av 1995. Resultatet vart lågare tilskodartal på stadionane i ei årrekkje.

Utanfor USA

Frå 1877 fanst ein proff-serie med canadiske og USA-amerikanske lag, kalla International Association.[1] Cuba vart det neste landet som (formelt) fekk ein serie for baseball (1878). I den Dominikanske republikken vart det første nasjonale meisterskapet halde i 1912.[2]

BanenEndra

Banen tek utgangspunkt i ein 90 graders vinkel med eit gjerde (home run-gjerde i ein boge mellom aksane). Vidare er den delt inn i «infield» (the diamond), med springebane, «pitcher's mound», og dei fire basane, og «outfield».

 
«Heime-plata» eller Home plate, er den kvite gummi-plata foran beina til slagmannen

Fyrste, andre og tredje base er solide lerretssekkar forma som kvadrat med sidelengda 38 cm. Home plate er laga av gummi og forma som ein femkant. Den er 43 cm brei.

UtstyrEndra

BallenEndra

 
Ein baseball

Ballen er laga av hardt lêr med ein kjerne av kork eller gummi (ofte begge). Den veg 142 gram og har ein omkrins på om lag 23 cm.

Det kvite lêrskalet et sydd saman av to delar. Saumen har ein anna farge enn kvit (ofte raud), sidan ein erfaren spelar brukar rotasjonen til stinga som ein indikator for kva skru som vert kasta. Ved å plassere fingrane på ulike måtar langs eller på tvers av stinga kan ein pitchar variere rørsla til ballen gjennom lufta.

BalltreetEndra

Balltreet er rundt og laga av solid tre (ask eller platanlønn). I amatørrekkjer er det òg tillate å bruke lettare og meir haldbare balltre av aluminium.

Skaftet er tynnare enn sjølve hovudet på balltreet. På det tjukkaste kan balltreet vere maks 7 cm i diameter. Den maksimalt tillatne lengda er 106,7 cm.

HanskenEndra

 
Ein baseballhanske sett framifrå og bakfrå (øvst kan ein sjå eit balltre i bakgrunnen)

Ein baseballhanske er laga av lêr eller ev. av eit syntetisk materiale.

Baseballhanskar vert brukte av alle spelarane på det forsvarande laget (utelaget) som hjelp til å gripe ballen. Kastaren brukar hansken sin til å skjule måten han held på ballen på, så slagmannen ikkje kan sjå kva skru som blir bruka.

Dei ulike posisjonane på banen har ulike typar handskar. Fangaren sin hanske er t.d. stor og heilt rund, medan andre basemann har ein liten og lett hanske.

VerneutstyrEndra

Fangaren har eit breitt utval av verneutstyr på, sidan han er særleg utsett for kast frå kastaren som ikkje hamnar der dei skal. Dessutan er han somme gonger utsett for valdsame samanstøyt med løparar som prøver å kome seg til home plate. Hjelm, visir, brystbeskyttar samt leggbeskyttarar er standard.

Slagmannen må òg ha hjelm på for å ikkje verte treft i hovudet av ballen.

DopingEndra

For meir om dette emnet, sjå Doping i baseball.

Ifølgje ESPN hadde serien Major League Baseball ein «steroid tidsalder» frå seint i 1980-åra til seint i 2000-åra.[3] Fleire steroid kom på forbudslista til baseball i både USA og Canada i 1991, men først frå 2003-sesongen blei det tatt dopingprøvar frå spelarar i Major League.[4]

Den pensjonerte baseballspelaren José Canseco gav ut ei bok der han påstod at steroidar var ein akseptert del av sporten, og han angav fleire av kollegaene sine. I 2002 vart det avslørt at firmaet BALCO hadde levert steroid til fleire profesjonelle spelarar. Dette har ført til skjerpa dopingreglar, men baseball haltar stadig langt etter andre sportsgreiner på dette punktet.

NordenEndra

NoregEndra

I Noreg vert det spelt kampar i to divisjonar, organisert av Norges soft- og baseballforbund.

SverigeEndra

Den svenske toppserien for menn heiter Elitserien.

JapanEndra

Kampane kan ende uavgjord.[5] Maksimalt tal på inningar er 12. Det finst unntak viss sluttspelet mellom dei to finalistane i toppserien ikkje er avgjord på sju kampar.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Bjarkman (2004), s. 73; Burk (2001), s. 58.
  2. Bjarkman (2004), s. xxiv.
  3. «The Steroids Era». 5. desember 2012. Henta 14. juni 2019. 
  4. Assael, Shaun; Peter Keating (november 2005). «Who Knew?». ESPN The Magazine (21). s. 72-80. 
  5. 7 Ways Japanese Baseball Is Different from American Baseball

BakgrunnsstoffEndra