Arne Brimi
Arne Brimi (fødd 1. oktober 1957) er ein norsk meisterkokk frå Vågå. Brimi er mest kjend frå fjernsynsprogrammet «Gutta på tur» på TV2, der han har ført sjalottlauken inn i det norske kjøkkenet. Brimi er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Han har også gjeve ut fleire kokebøker og er kjend for koplinga mellom mat, natur og helse.
Arne Brimi | |
Arne Brimi under Gladmat-festivalen 2014 Foto: Jarle Vines | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. oktober 1957 (67 år) |
Yrke | kjøkkensjef, kokk, matskribent |
Arne Brimi på Commons |
Arne Brimi var i 1987 den første norske kokken som deltok i kokkane sin uoffisielle verdsmeisterskap Bocuse d’Or, men han kom ikkje til finalen.
I dag driv Arne Brimi matstaden Vianvang.
I 2005 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk matkultur.
Bøker av Arne Brimi
endre- Tid til overs - Matfilosofi fra Vianvang
- Brimis beste
- Den opprinnelege smaken
- Norges nasjonalretter
- Nordiske nasjonalretter
- Europeiske nasjonalretter
- Det høieste høie
- Utan mat og drikke
- Norwegische Naturküche
- Norwegian national recipes
- A taste of Norway
- Frå Lom til Lyon