Arne Espeland (fødd 6. juli 1885 på Lista, død 1972) var ein lærer og forfattar. Han skreiv humoristiske og bygdehistoriske fortellingar, romanar og dikt, mellom anna frå kapertida på Lista under Napoleonskrigane 1807-14.

Arne Espeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1885
Død

1972 (87 år)

Yrke skribent

Far hans var lærar. Sjølv tok han eksamen ved Kristiansand lærarskule 1906. Han arbeidde som lærar i Krødsherad og andre stader før han i 1912 slo seg ned i Stavanger. Her var han lærar til han i 1938 vart tilsett som programsekretær i NRK med base i Stavanger. For NRK laga han mellom anna også Barnetimen. Nokre av desse programma kom i sidan i bokform.

I 1909 debuterte Arne Espeland som forfattar med «ei lita og kravlaus bok», Blide og sure andlit. Etter kvart skreiv han i fleire sjangrar og på begge målføre. Folkelivsskildringane Svensken (1924) og Martengel (1925) er på bokmål, dei kom ut i nye utgåver i 2010. Romanane Klar til batalje (1961) og Med livet i nevane (1964) skildrar kapertida. Diktsamlinga Vårherres palett, Lista (1924, ny utgåve 2008) var ei kjærleikserklæring til heimbygda.

Espeland var redaktør for det biografiske oppslagsverket Norske skulefolk (1934) og for Sanger og viser fra Rogaland (1935). I 1959 gav han ut ei bok om vennen og kollegaen Jens Tvedt. Han hadde tidlegare arbeidd for å få utgitt Tvedt sine samla skrifter. Bokverket vart det ikkje noko av, men Espeland medverka til å få reist ein byste av Tvedt sentralt i Stavanger i 1932.

Han fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1955.[1]

Bibliografi endre

  • Blide og sure andlit Noveller 1909
  • Paa heimveg. Spelstykke i tvo vendingar 1910
  • Solveig. Forteljing 1913
  • Dikt 1919
  • Kvad Dikt 1920
  • Et kunstnerakvarium. Komedie i 3 akter 1922
  • Mold. Dikt 1923
  • Vårherres palett. Lista Noveller/tekster 1924
  • Svensken. Sørlandsbilleder Roman 1924
  • Marténgel. Unge år Roman 1925
  • Barnetimer 1943
  • Durra på eventyr Barnebok 1944
  • Vigsla vegar. Dikt i utval 1945
  • Barnetimar for dei minste. Saman med far, Sigrun, Durra og Munter 1956
  • Jens Tvedt. Glimt frå vokstergrunnen og livet hans. Biografi 1959
  • Klar til batalje Roman 1961
  • Med livet i nevane Roman 1964
Nye Espeland-utgaver på Klokkhammer Forlag
  • Vårherres palett 2008
  • Svensken 2009
  • Marténgel 2010

Bibliografien er henta frå Listaminne[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Tildeling av Kongens fortenestemedealje
  2. Bibliografi Arne Espeland, arkivert frå originalen 23. april 2017, henta 22. april 2017