Lista er ein tidlegare kommune i Vest-Agder. Kommunen vart slegen saman med Farsund kommune, Herad kommune og Spind kommune til noverande Farsund kommune i 1966. Listalandet strekkjer seg frå Farsund by og ut til Lista fyrstasjon. Landskapet utgjer ei halvøy, rekna frå Listeidet.

Lista
stad
20050807-Lista fyr.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg

Lista
58°5′43″ N 6°47′37″ E
Wikimedia Commons: Lista

Lista har vore bygd frå bronsealderen, og stadnamn frå området er kjende frå kvada om Helge Hundingsbane. Staden vart tidleg eit hovdingsete, som vart rikt av di det vakta leia frå Agdesida til Rogaland. Dronning Åsa skulle etter segna vore dotter av ein konge på Lista.