Opna hovudmenyen

Arne Scheie

norsk sportskommentator

Arne Scheie (fødd 7. januar 1944) er ein norsk tidlegare sportsjournalist som verka som sportskommentator i NRK frå 1970-talet til 2013. Han hadde fotball og skihopping som spesialfelt.

Arne Scheie
Arne Scheie.jpg
Fødd 7. januar 1944
Skedsmo
Yrke journalist

Scheie var tilsett i NRK frå 1972 til 2013. Sidan da har han mellom anna dekt åtte vinter-OL, vore til stades på over 30 hoppveker, og han har kommentert mykje over 100 kampar med Noregs herrelandslag i fotball.

Scheie blir rekna som ein utømmeleg kunnskapskjelde når det gjeld fotball og skihopping. Det er sjeldan at han går heilt frå konsepta, men det hender. Mange hugsar det spontane utbrotet hans til kollega Jon Herwig Carlsen da det var klart at Tommy Ingebrigtsen hadde teke VM-gull i hoppbakken i Thunder Bay i 1995: «La meg få kysse deg, Jon!» Og Carlsen svara like spontant: «Ja! Ja!»

BakgrunnsstoffEndra