Tommy Ingebrigtsen

Tommy Ingebrigtsen (fødd 8. august 1977) er ein norsk tidlegare skihoppar som representerte Byåsen Idrettslag. Han vart verdsmeister i storbakken i Thunder Bay i mars 1995, då han var berre 17 år gammal; éin månad etter han hadde vorte juniorverdsmeister i Gällivare. For VM-sigeren i Thunder Bay vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje 1995. Sidan tok han i 2003 VM-sølv i normalbakken og var med å vinne to VM-gull i laghopp i skiflyging, 2004 og 2006, to bronsar i laghopping, fyrst i ski-VM 2003 og så under Vinter-OL 2006. Noregsmeister vart han fyrst i 2003, då vann han attpå både i normalbakken og i storbakken. Elles har han to NM-sølv frå storbakkerenna 1999 og 2006. Dag Ingebrigtsen er far hans.

Tommy Ingebrigtsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1977 (46 år)
Trondheim
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Olavstatuetten

Karriere endre

Ingebrigtsen var heilt ukjend for det store publikum, før han på tampen av 1995-sesongen viste framifrå skihopping. Etter han hoppa til siger i hopprennet under junior-VM i februar, heldt framgangen fram og han fekk plass i troppa til verdsmeisterskapen i kanadiske Thunder Bay. Meisterskapen vart avvikla seint den sesongen, fyrst 18. mars var det klart for tevlinga i storbakken. To utøvarar, austerrikaren Andreas Goldberger og Tommy Ingebrigtsen, stod i ei eiga klassa. Ingebrigtsen lukkast vinne gullmedaljen, 3,1 poeng framom Goldberger, men meir 40 poeng føre bronsevinnaren, tyske Jens Weissflog.

Dei neste tre sesongane klarte ikkje Ingebrigtsen å hevde seg mot verdseliten, ei heller overfor dei beste norske hopparane. I 1999 lukkast han verte tredjemann i eit verdscuprenn i Zakopane, og han vann si fyrste NM-medalje, einast Roar Ljøkelsøy hoppa lengre. Året etter vart Ingebrigtsen nummer to i kanadiske Iron Mountain og nummer tre i eit anna verdscuprenn. Også ved skiflygingsrenna i Planica i mars 2001 tok han ein tredjeplass.

Vinteren 2003 viste Ingebrigtsen glimtvis gammal toppform. På Lillehammer lukkast han vinne begge NM-tevlingane, dei to triumfane vart hans einaste i noregsmeisterskap. Under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme tok han sølvmedaljen i normalbakken, 16 poeng bak Weisfflog, og han fjerdemann i storbakken. Elles i meisterskapen bidrog han mykje til at Noregs mannskap, som vidare bestod av Lars Bystøl, Sigurd Pettersen og Bjørn Einar Romøren, sikra seg bronse i laghoppinga. Vinteren 2004 fekk Ingebrigtsen plass på det norske laget som, mykje takk vere framifrå hopping av Roar Ljøkelsøy, vann lagtevlinga under VM i skiflyging i Planica, Pettersen og Romøren høyrde også med i gullfiraren. To år seinare forsvarte tre av dei fire hopparane VM-tittelen for Noreg, Lars Bystøl kom med i Kulm i staden for Pettersen. Dei same fire karane, Romøren, Bystøl, Ingebrigtsen, Ljøkelsøy, tok bronse i laghoppinga under Vinter-OL 2006.

Ingebrigtsen la opp etter ein svak 2007-sesong.

Merittar endre

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • 1995: Gullmedalje i storbakken i Thunder Bay
  • 2003: Sølvmedalje i normalbakken og bronse frå laghopp i storbakke i Val di Fiemme
  • 2004: Gullmedalje i laghopp i skiflyging i Planica
  • 2006: Gullmedalje i laghopp i skiflyging i Kulm
  • 2006: Bronsemedalje i laghopp i storbakken under Vinter-OL i Torino

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1993/94: Nr 8 i Courchevel
  • 1995: Nr 41 i begge verdscuprenna han deltok i
  • 1995/96: Nr 8 i Planica
  • 1997: Nr 7 i Tauplitz (skiflyging)
  • 1997/98: Nr 12 Lillehammer
  • 1999: Nr 3 i Zakopane
  • 2000: Ein andreplass i Iron Mountain og ein tredjeplass
  • 2001: Nr 3 i Planica (skiflyging)
  • 2001/02: Nr 8 i Titisee-Neustadt
  • 2003: Nr 4 i Lahti
  • 2004: Nr 3 i Park City
  • 2005: Nr 6 i Planica (skiflyging)
  • 2006: Nr 4 i Planica (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre