Skedsmo kommune

tidlegare kommune i Akershus fylke i Noreg

Skedsmo var ein norsk kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa mot Nittedal, Gjerdrum og Ullensaker i nord, Sørum og Fet i aust, Rælingen og Lørenskog i sør og mot Oslo kommune i vest.

Skedsmo kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Lillestrøm
Areal 77 km²
 - vatn 0,459964039643886 km²
Målform bokmål
Ordførar Ole J. Flæten (Ap)
Kommunenr. 0231
Kart
Skedsmo kommune
60° N 11° E
Wikimedia Commons: Skedsmo
Nettstad: www.skedsmo.kommune.no

I Skedsmo fann ein byen Lillestrøm. Andre større stader i kommunen var Skjetten, Strømmen, Skedsmokorset og Kjeller. Alle desse stadene, inkludert Lillestrøm, er funksjonelt del av Oslo by. Tettstaden Leirsund, aust i kommunen, strekker seg inn i nabokommunen Sørum.

Den 1. januar 2020 var Skedsmo slegen saman med Fet og Sørum kommunar til nye Lillestrøm kommune.[1]

Næringsliv endre

 
Skedsmo rådhus i Lillestrøm
 
Lillestrøm stasjon
Foto: Trond Strandsberg
 
Strømmen kyrkje

Handel var ei hovudnæring i kommunen, med store handelsstader som Strømmen storsenter, Norges Varemesse og Exporama på Hellerudsletta. På Kjeller er lokalisert eit større forskningsmiljø. Høgskolen i Akershus og Kunnskapsbyen Lillestrøm driv med utdanning og utvikling på ei rekke område.

Kjende personar frå Skedsmo kommune endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.