Arne Wold (26. september 189519. oktober 1987) var ein norsk teiknar og journalist frå Oslo.

Arne Wold
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. september 1895
Død

19. oktober 1987 (92 år)

Yrke illustratør

Wold vart utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo i tida 1914-16. Deretter gjekk han i lære ved Chra. Clicháanstalt i to år. I 1922 hadde han eit kortare opphald ved kunstakademiet i Firenze i Italia.

Under signaturen AW hadde Wold frå 1919 til 1974 politiske kommentarteikningar i avisa Nationen. I perioden frå 1922 til 1961 var han kunstkritikar i den same avisa. Han illustrerte elles fleire bøker, julehefte og tidsskrift, mellom anna teikneserien og bygdekomedien Ola Nordigard som vart trykt i Nynorsk Vekeblad i 1941 med tekst av Erling Moen. Arne Wold deltok også på ei rad kollektivutstillingar, også i Tokyo i Japan og i Montreal i Canada.

Wolds illustrasjoar var utført med svart tusj og pensel i ein enkel, direkte og folkeleg stil.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok X.