Statens håndverks- og kunstindustriskole

Statens håndverks- og kunstindustriskole, forkorta SHKS, er ein tidlegare kunstfagleg høgskule i Oslo, som frå 1996 vart organisert som ein del av Kunsthøgskolen i Oslo. Sommaren 2003 vart denne avdelinga av Kunsthøgskolen delt i to einingar: Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design. Skulen tilbyr utdanning innan faga farge, teikning, form, grafisk design og illustrasjon, radér og litografi, tekstil, klede og kostyme, møbel- og innreiingsarkitektur, metall og keramikk. Hausten 2010 vart verksemmda flytt frå lokala skulen opphavleg hadde i Ullevålsveien 5 til dei lokala Kunsthøgskolen har fått i den tidlegare SeglduksfabrikkenGrünerløkka, der heile verksemda til Kunsthøgskolen i Oslo no er samla.

Kunstindustrimuseet i St. Olavs gate i Oslo er frå 1903. Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) var fram til 2010 del av same bygningen, men med inngang mot Ullevålsveien.
Foto: Anne-Sophie Ofrim

Historie endre

Statens håndverks- og kunstindustriskole vart skipa i 1818 og spelte ei stor rolle for kunstmiljøet i Noreg1800-talet, ikkje berre på grunn av undervisninga, men også gjennom utstillingar, rådgjeving og andre aktivitetar knytt til faget. Skulen har framfor alt hatt mykje å seie for utdanninga av kunsthandverkarar.

Opphavleg heitte skulen Den foreløbige Tegneskole, men fekk i 1822 namnet Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania, til dagleg berre Teikneskulen. I 1869 vart namnet forenkla til Den kongelige tegneskole og endeleg Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1911. Vanlegvis vart skulen berre kalla Kunst- og handverksskulen. Skulen vart høgskule frå 1981.

I 1904 fekk Statens håndverks- og kunstindustriskole sitt eige bygg saman med Kunstindustrimuseet i Oslo i krysset mellom Ullevålsveien og St. Olavs gateHammersborg i det som no er den administrative bydelen St. Hanshaugen. Bygningen vart reist på den dåverande Brandts løkke etter at Kristiania kommune (Oslo kommune) i 1896 hadde vedteke å oppføra ein ny og høveleg bygning for museet og skulen. I 1897 vart det utlyst ein arkitektkonkurranse, og mellom 14 bidrag vart den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve utkåra til vinner. Rett nok fekk Greve hjelp hjå den meir erfarne Ingvar Hjort. Skulen fekk den delen av bygningen som hadde adressa Ullevålsveien 5 og hovudinngang frå denne gata, og Kunstindustrimuseet fekk adressa St. Olavs gate 1 og hovudinngang her. Medan verksemda i lokala til Statens håndverks- og kunstindustriskole vart avslutta i 2010 og overført til Kunsthøgskolen i Oslo på Grünerløkka, og lokala deretter ombygde til ein ordinær vidaregåande skule (Edvard Munch videregående skole, opna i 2015), har Kunstindustrimuseet framleis tilhald i sin del av bygningen.

Litteratur endre

Kjende elever endre

Størstedelen av norske teiknarar, kunsthandverkarar og designerar har fått den faglege grunnutdanninga si ved Teikneskulen eller Kunst- og handverksskulen i Oslo. Før skular som Statens kunstakademi (1909); NTH (1910) og Arkitekthøgskulen (1961) kom til, galdt dette også for dei fleste biletkunstnarane, arkitektane og andre. I kvart studentkull er det difor fleire namn som seinare har vorte kjende kunstnarar, eller forfattarar etc. Oversikta her syner berre eit lite utval. Personane er ordna etter fødselsår.

Biletkunstnarar

Brukskunstnarar, illustratørar, arkitektar og andre

Kjelder endre

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia om Statens håndverks- og kunstindustrihøgskole, henta inn 31. januar 2011.

Bakgrunnsstoff endre