Darwin i Australia
Darwin er hovudstaden og den største byen i Nordterritoriet i Australia, med 148 564 innbyggjarar (est. 2018). Byen ligg ved nordkysten av Australia, og har tropisk klima. Han er utsett for tropisk tordenvêr og syklonar; mykje av byen blei øydelagd av syklonen Tracy i 1974.
Darwin | |||
by | |||
Darwin i 2015
| |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Areal | 112,01 km² | ||
Folketal | 139 902 (9. august 2021) | ||
Darwin i Australia 12°26′17″S 130°50′28″E / 12.438055555556°S 130.84111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Darwin, Northern Territory |
Han ligg ved Clarencesundet som går mellom det australske fastlandet og Melvilleøya i Timorsjøen.
Byen er kalla opp etter den britiske naturforskaren Charles Darwin. I perioden 1869–1911 blei han kalla Palmerston. Palmerston er òg namnet på ei drabantby som har vokse fram frå 1980-talet rundt 20 km sør for Darwin.
Folkesetnaden i Darwin har størst del aboriginarar av australske hovudstader, og ein relativt stor del er innvandrar frå Sør- og Aust-Asia. Darwin er ein viktig hamn, særleg for eksport av sau og storfe, og av mineral.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Darwin (Australia)» frå Wikipedia på bokmål, og «Darwin, Northern Territory» frå Wikipedia på svensk den 7. august 2022.