Arnie «Skiffle Joe» Norse (14. mai 192514. desember 2016)[2] var ein norsk songar og underhaldningsartist.

Arnie Norse
Fødd14. mai 1925
Død14. desember 2016 (91 år)
DødsstadOslo
FødenamnArne Trandal[1]
OpphavNoreg
Sjangerslager
Instrumentgitar, vokal
Verka somsongar

Norse var kjend frå skjenkestaden Tranen i Oslo, ei lang rekke utdrikkingslag, nokre fjernsynsopptredenar og eigenproduserte kassettutgjevingar. Han var utdanna typograf og arbeidde i England frå 1950 til midt på 1950-talet. Då han kom tilbake til Noreg tok han til å opptre med å syngja og spela gitar samtidig som han sykla på eithjulssykkel. Han opptredde mellom anna på Sirkus Arnardo.[3]

I 1958 blei den første plata hans gjeven ut, singelen «Mexico-Joe» på A-sida. B-sida var «Oh senorita», som blei ein hit på Island. I denne perioden brukte han tilnamnet «Skiffle Joe», som han fekk av Arne Bendiksen.

I 1978 byrja han å opptre på restaurant Tranen i Oslo, syklande på etthjulssykkel med gitar og cowboyhatt. Han framførte slagerar og frekke viser som «Misjonær i gryta», «Min lille kone (som legger seg på ryggen for ei krone)» og «Jælp mæ å rime (Den sensurerte bært-bært-visa)». Han opptredde kvar veke på Tranen i over 30 år, frå 1978 saman med kona si Nipaporn Norse og eit band gjennom mange år, fram til staden stengde 27. januar 2012.[4]

Diskografi endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Norsk pop & rockleksikon. Eggum, Ose, Steen, Bergan. Vega forlag, 2013, s. 471
  2. «Arnie 'Skiffle Joe' Norse er død», VG 16. desember 2016
  3. Arnie Norse Arkivert 2018-06-12 ved Wayback Machine.. Rockipedia, besøkt 24. oktober 2014.
  4. Tranen er borte, besøkt 24. oktober 2014.