Arnold Johann Eikrem (1. april 193211. februar 1996), fødd i Trondheim, død i Oslo, var ein norsk sjakkspelar, sjakkorganisator, sjakkarrangør og frå 1969 internasjonal sjakkdommer (International Arbiter)[1]. Han er først og fremst kjend for alle sjakkturneringane han arrangerte på Gausdal Høifjellshotel, Gausdalturneringane i sjakk, i perioden 1970-1996, summert opp til 187 turneringar[2], men han arrangerte mange andre turneringar enn desse også, mellom anna junior-VM i sjakk i Skien i 1979.

Arnold J. Eikrem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1932
Trondheim
Død

11. februar 1996 (63 år)
Oslo

Yrke sjakkspelar

Han var president i Norges Sjakkforbund i periodane 1957–59 og 1970–79[3].

Han var med å starte Sjakklubben "Jarl" i Trondheim i 1952[4]. Før dette var han medlem i Arbeidernes Sjakklubb, Trondheim.

Heider

endre
  • Arnold J. Eikrem vart æresmedlem i Norges Sjakkforbund i 1979 [5].
  • Han vart utnemnd til ÆresGausdøl i 1991 [6].

Det har vore arrangert fleire sjakkturneringar til hans minne.

Kjelder

endre
  • Arnold J. Eikrem 1.4.1932 - 11.2.1996 Jonathan Tisdall og Marianne Hagen (red.) Oslo: Norges Sjakkforbund (1996)
  • Brekke, Øystein og Thor Geir Harestad (1997): Sjakkens Holmenkollen: Gausdalsjakk 1970-1996. Åmot: Norsk Sjakkforlag. ISBN 82-90779-01-1
  • Brekke, Øystein (1989): Norges Sjakkforbund 75 år: 1914-1989 Oslo: Norges Sjakkforbund ISBN 82-991916-0-2

Fotnotar

endre
  1. Brekke s. 95
  2. Brekke og Harestad s. 5
  3. Brekke s. 94
  4. Arnold J. Eikrem 1.4.1932 - 11.2.1996 s. 24
  5. Brekke s. 5
  6. Brekke og Harestad s. 10