Norges Sjakkforbund
Norges Sjakkforbund (NSF) er landssamanslutninga for sjakkspelarar og sjakklubbar i Noreg. Forbundet er medlem i Nordisk Sjakkforbund og Verdssjakkforbundet (FIDE).
Norges Sjakkforbund | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 971286474 | ||
Skipa | 31. desember 1914 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Simen Agdestein | ||
Nettstad | https://sjakk.no |
Norges Sjakkforbund vart stifta som Norsk Schakforbund, den 20. juli 1914 av sju klubbar. På 30-talet hadde Arbeidernes Idrettsforbund eit eige sjakkutval, som etter kvart vart større enn Norsk Sjakkforbund. Under 2. verdskrigen låg den organiserte sjakken nede, og i 1946 vart dei to organisasjonane einige om å slå seg saman. Samtidig vart namnet endra til det noverande Norges Sjakkforbund.
Ungdommens Sjakkforbund organiserer sjakkspelarar som er under 25 år i nært samarbeid med Norges Sjakkforbund.
Norges Sjakkforbund gir ut medlemsbladet Norsk Sjakkblad.
Organisatorisk
endreForbundet sitt høgeste organ er kongressen. Kongressen blir arrangert kvar sommar i samband med Noregsmeisterskapen i sjakk (Landsturneringa).
Kongressen vel eit sentralstyre, som styrer Norges Sjakkforbund mellom kongressane. Sentralstyret blir leia av presidenten i Norges Sjakkforbund. I tillegg vel kongressen ei rekkje utval: Turneringsutvalet, Eliteutvalet, Reglementsutvalet, Elo-komiteen, Seniorutvalet mv.
Norges Sjakkforbund har dei siste åra hatt om lag 2500 medlemmar i om lag 110 sjakklubbar.
Sjakkontoret
endreForbundskontoret har adresse Sandakerveien 24D i Oslo (Myhrens verksted). Norges Sjakkforbund har fram til mai 2011 hatt felles generalsekretær med Ungdommens Sjakkforbund.[1] Generalsekretæren har ansvaret for den daglege drifta av kontoret.
Kontoret arbeider mellom anna med:
- Medlemsregistrering
- Administrasjon av turneringsverksemda
- Service til klubber, kretsar og medlemar.
Generalsekretærar
endre- Øystein Brekke (1982–1988)
- Johs. R. Kjeken (1988–1998)
- Bjarke Sahl (Kristensen) (1998–2005)
- Dag Danielsen (2006–2011)
- Liv Mette Harboe (2011–2014)
- Geir Nesheim (2014–2021)
- Eirik Natlandsmyr (2021–2022)
- Kristine Marie Ganz (2022–2024)[2]
- Sofie Sæther (2024–)[3]
Kjelder
endreLitteratur
endre- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3