1932
år
1932 (romartal MCMXXXII) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen.
1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 4. januar: I Britisk India blei Nasjonalkongressen erklært ulovleg, og Mahatma Gandhi blei arrestert.
- 27. januar: Adolf Hitler heldt Düsseldorf-talen for medlem av Industrieklub, ei samanslutning av tyske næringslivstoppar. Talen blir rekna som eit vendepunkt for NSDAP fordi han sikra kapital til partiet.
- 28. januar: Japanske styrkar inntok Shanghai.
- 18. februar: Japan anerkjente lyderiket Manzhouguo (japansk for Mandsjukuo) som "sjølvstendig" stat.
- 25. februar: Adolf Hitler blei tysk statsborgar.
- 1. mars: Sonen til Charles Lindbergh blei kidnappa i USA. Sonen blei seinare funnen død.
- 9. mars: Den siste keisaren i Kina, Pu Yi, blei innsett som herskar i Mandsjukuo.
- 13. mars: I presidentvalet i Tyskland fekk Adolf Hitler 13,7 millionar stemmer. Resultatet var for uklårt til å erklære ein vinnar etter ein omgang.
- 10. april: I andre runde av presidentvalet i Tyskland vann Paul von Hindenburg. Hitler fekk nest flest røyster.
- 6. mai: Frankrikes president Paul Doumer blei drepen.
- 15. mai: Japans statsminister Tsuyoshi Inikai blei drepen.
- 21. mai: Amelia Erhart blei første kvinne som flaug åleine over Atlanterhavet.
- 30. mai: Heinrich Brüning gjekk av som rikskanslar i Tyskland.
- 1. juni: Franz von Papen blei utnemnd til rikskanslar i Tyskland.
- 6. juni: Opprør i Chile.
- 15. juni: Ein tre år lang krig mellom Bolivia og Paraguay tok til.
- 16. juni: Tysklands rikskanslar Franz von Papen heva forbodet mot SS og SA.
- 31. juli: NSDAP hadde stor framgang ved riksdagsvalet i Tyskland og blei det største partiet med 230 av 608 mandat.
- 13. august: Hitler avslo president Hindenburgs tilbod om å bli visekansler under Franz von Papen.
- 3. oktober: Irak blei sjølvstendig
- 6. november: I eit nytt riksdagsval i Tyskland fekk NSDAP 196 representantar, ein tilbakegang på 34 sidan juli.
- 19. november: Hitler blei beden av den tyske presidenten om å danne ei koalisasjonsregjering. Forsøket mislukkast.
- 3. desember: General Kurt von Schleicher blei utnemnd til rikskansler i Tyskland.
- Sverige: Dei to føretaka Munktells Mekaniska Verkstads i Eskilstuna og J & C G Bolinders Mekaniska Verkstads i Göteborg gjekk saman til AB Bolinder-Munktell.
- Harry Nyquist publiserte eit viktig stabilitetskriterie for tilbakekopla system.
Noreg
endre- 2. februar: Forsvarsminister Vidkun Quisling hevda han var blitt overfallen på sitt kontor.
- 5. april: Quisling forskansa seg på kontoret og blei latterleggjort i pressa.
- 7. april: Quisling heldt ei tale der han gjekk til åttak mot pressa, og hevda han hadde dokument som prova at det var planlagt eit kommunistisk opprør.
- 21. mai: Radiumhospitalet i Oslo opna.
- 27. juni: NRK blei statsverksemd.
- 12. juli: Noreg okkuperte Søraust-Grønland
- 7. oktober: Norheimsund sentrum brann ned.
- Det første Birkebeinerrennet blei halde.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1932.
- 7. januar: Tormod Knutsen, norsk skirennar
- 20. januar: Finn Alnæs, norsk forfattar
- 8. februar: John Williams, USA-amerikansk toneskapar
- 12. februar: Astrid, norsk prinsesse
- Axel Jensen, norsk forfattar
- 18. februar: Milos Forman, tsjekkisk-amerikansk filmregissør
- 26. februar: Johnny Cash, USA-amerikansk musikant
- 27. februar: Elizabeth Taylor, USA-amerikansk skodespelar
- 4. april: Andrej Tarkovskij, sovjet-russisk filmskapar
- 20. mai: Anette Arosa Thommessen, stiftar av NOAS
- 7. juli: Joe Zawinul, austerriksk-amerikansk musikar
- 28. juli: Arvid Hanssen, norsk forfattar
- 30. august: Ottar Brox, norsk samfunnsforskar
- 26. september: Manmohan Singh, indisk statsminister
- 28. september: Victor Jara, chilensk forfattar og songar
- 10. november: Paul Bley, kanadisk musikar
- 29. november: Jacques Chirac, fransk politikar og president
- 3. desember: Corry Brokken, nederlandsk songar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1932.
- 5. mars: Peder Kolstad, statsminister i Noreg
- 7. mars: Aristide Briand, fransk statsminister og nobelprisvinnar
- 14. mars: Frederick Jackson Turner, USA-amerikansk historikar
- 25. mars: Harriet Backer, norsk målar
- 29. mars: Filippo Turati, italiensk sosiolog og politikar
- 21. mai: Herman Backer, norsk arkitekt
- 8. juli: Aleksandr Grin, russisk forfattar
- 22. juli: Errico Malatesta, italiensk filosof og anarkist
- 26. august: Edvard Bull d.e., norsk historikar og politikar
- 25. oktober: Wollert Konow (H), norsk politikar
- 18. desember: Eduard Bernstein, tysk politikar
- 24. desember: Eyvind Alnæs, norsk komponist
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>