Opna hovudmenyen

Guvernør i CaliforniaEndra

Arnold Schwarzenegger vart vald til guvernør i California den 8. oktober 2003 etter at eit opprop mot den sitjande guvernøren Gray Davis skaffa nok underskrifter til å skriva ut nyval. Schwarzenegger stilte til val som republikanar. Resultatet vart at 55,4 % av veljarane røysta for å kasta Davis, og at 48,6 % røysta for at Schwarzenegger skulle koma i staden.

Som guvernør kom Schwarzenegger i konflikt med delstatsforsamlinga i California, som hadde overvekt av demokratar i båe kammera, mellom anna kalla han dei demokratiske politikarane for «girlie men» («jentemenn»). I 2005 gjekk Schwarzenegger på eit nederlag då fire lovforslag frå han var oppe til folkerøysting og alle fire vart nedsrøysta. Etter dette nederlaget gjekk Schwarzenegger inn mot det politiske sentrumet og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon ovanfor delstatsforsamlinga. Han tilsette ein demokrat, Susan Kennedy, som leiar for staben sin. Ved det ordinære guvernørvalet i november 2006 hadde Schwarzenegger vunne att mykje av tillita mellom veljarane og han slo motkandidaten Phil Angelides, finansminister i California, med 56 % av røystene.

Schwarzenegger vert rekna til den liberale fløya mellom republikanarane, og har som guvernør engasjert seg sterkt for miljøvern og reduksjon i klimautslepp.

Det har vorte spekulert i om nokre av republikanarane vil ha Schwarzenegger som ein framtidig presidentkandidat, men då er det kravd eit grunnlovsbrigde, sidan Schwarzenegger ikkje er fødd i USA. Han er dobbelt austerriksk og amerikansk statsborgar, den amerikanske statsborgarskapen fekk han i 1983. I 2008 var han aktiv i valkampen for den republikanske presidentkandidaten John McCain.

KroppsbyggjarEndra

Han har teke del i 22 kroppsbyggingskonkurransar og vunne Mr. Universe fem gonger og Mr. Olympia sju gonger. Då det var lovleg brukte han anabole steroidar.

År Tittel Stad Plass
1965 Junior Mr. Europe   Tyskland
1
1966 Best Built Man of Europe   Tyskland
1
1966 Mr. Europe   Tyskland
1
1966 International Powerlifting Championship   Tyskland
1
1966 NABBA Mr. Universe amateur   Storbritannia
2
1967 NABBA Mr. Universe amateur   Storbritannia
1
1968 NABBA Mr. Universe professional   Storbritannia
1
1968 German Powerlifting Championship   Tyskland
1
1968 IFBB Mr. International   Mexico
1
1968 IFBB Mr. Universe   USA
2
1969 IFBB Mr. Universe   USA
1
1969 NABBA Mr. Universe professional   Storbritannia
1
1969 Mr. Olympia   USA
2
1970 NABBA Mr. Universe professional   Storbritannia
1
1970 Mr. World   USA
1
1970 Mr. Olympia   USA
1
1971 Mr. Olympia   Frankrike
1
1972 Mr. Olympia   Tyskland
1
1973 Mr. Olympia   USA
1
1974 Mr. Olympia   USA
1
1975 Mr. Olympia   Sør-Afrika
1
1980 Mr. Olympia   Australia
1

PrivatlivEndra

Faren til Schwarzenegger, Gustav Schwarzenegger, var politisjef (gendarmerikommandant).

26. april 1986 gifte Schwarzenegger seg med TV-journalisten Maria Shriver, niese av den tidlegare amerikanske presidenten John F. Kennedy, i Hyannis i Massachusetts. Presten Rev. John Baptist Riordan utførde viinga i St. Francis Xavier Roman Catholic Church.

Paret har fire born:

FilmografiEndra