Aroánia (gresk Αροάνεια), òg skrive Aroneia, eller Khelmós (gresk Χελμός), òg skrive Chelmos eller Helmos, er ei fjellkjede i Hellas. Ho er om lag 15-20 km lang frå nord til sør (nordaust for Lykouría til sørvest for Diakoptó) og om lag 5-10 km frå vest til aust (frå aust for Kalávryta til grensa mellom periferieiningane Akhaía og Korinthía). Fjellkjeda ligg i Akhaía og i antikken var ho ein del av Arkadía. I mellomalderen og fram til 1900-talet vart fjellet kalla Khelmós.

Aroánia/Khelmós
Αροάνεια/Χελμός
fjell
Land  Hellas
Område Søraust i Akhaía
Høgd 2 341 moh.
Koordinatar 37°58′59″N 22°10′59″E / 37.983°N 22.183°E / 37.983; 22.183
Kart
Aroánia
37°58′08″N 22°11′38″E / 37.968888888889°N 22.193888888889°E / 37.968888888889; 22.193888888889
Wikimedia Commons: Chelmos Mountain

På fjellet ligg Kalávryta skisenter, som ligg nord på fjellet. Toppen av fjellet er den tredje høgaste på halvøya. Grottene Spíleo Limnón ligg i vest og Méga Spíleo i nordvest. Fjellet Kyllíni ligg like i aust, og frå toppen kan ein sjå dei nordlege områda av Arkadía i sør, og fleire fjell i vest og nordvest. Korintbukta ligg i nord. Elva Vouraikós (i antikken Buraikos) renn i nordvest. På fjellet står det eit kommunikasjonstårn for radio- og TV-stasjonar i Kalávryta.

Aroneia består av skogområde mellom 800 og 1 800 meter med ein type furu i vest, aust og i sør. Område over om lag 1 500 meter er hovudsakleg berre i dei sentrale områda og grassletter og steinar dominerer høgareliggande område i aust.

Den tidlegare kommunen Aroánia, som har fått namn etter fjellet, ligg sørvest for fjellkjeda. Sete i kommunen er Psofída.

Næraste stader endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre