Akhaía
Periferieininga Akhaía Περιφερειακή ενότητα Αχαΐας | |
---|---|
| |
Periferi | Vest-Hellas |
Hovudstad | Pátra |
Folketal | 305 979 (2021[1]) |
Areal | 3 271 km² |
Folketettleik | 94/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 25x xx - 26x xx |
Retningsnummer | 269x0, 2610 |
Bilnummer | AX |
Heimeside | www.achaia.gr |
Periferieininga Akhaía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αχαΐας, Periferiakí enótita Akhaías) er ei periferieining i Hellas i periferien Vest-Hellas.[2] Hovudstaden i periferieininga er Pátra. Periferieininga ligg på nordkysten av Peloponnes, og strekkjer seg frå fjellkjedene Erýmanthos og Kyllíni i sør til Korintbukta i nord der fjellet Panakhaikó (1 902 moh) ligg. Akhaía grensar i vest til prefekturet Ilía, i sør til Arkadía og i aust til Korinthía. Korintbukta dekkjer heile nordkysten.
Geografi
endreAv fjell finn ein Omblós i aust, Erýmanthos sentralt, Khelmós eller Aroánia i søraust, Skóllis i sørvest, Móvri og Mávro Óros i vest. Av elvar finn ein Lárissos, Tythévs, Píros og Kháradros i nordvest og Selinoúndas og Vouraikós i aust.
Administrativ inndeling
endreTidlegare var Akhaía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
---|---|---|
Akhaía | Vest-Akhaía | Dými |
Lárissos | ||
Móvri | ||
Olenía | ||
Pátra | Pátra | |
Vrakhnéika | ||
Messátida | ||
Paralía | ||
Río | ||
Erýmanthos | Farrés | |
Kaléndzi | ||
Leóndio | ||
Tritéa | ||
Ejália | Ejíra | |
Éjo | ||
Akráta | ||
Diakoptó | ||
Erinéos | ||
Symbolitía | ||
Kalávryta | Kalávryta | |
Aroánia | ||
Klitoría | ||
Paíon |
Historie
endreI tida under Romarriket dekte provinsen Akhaia store delar av Hellas, bortsett frå Thessalía, Ípiros og Akarnanía. Keisar Augustus gav Akhaía politiske fordelar og større status enn dei andre greske provinsane, sidan det låg nærare Roma enn dei andre provinsane. Etter regjeringstida til Augustus vart derimot provinsen Akhaía slått saman med provinsen Makedonia. I mellomalderen vart Akhaía ein del av Austromarriket.
På 1200-talet vart fyrstedømet Akhaia grunnlagd i Hellas etter det fjerde krosstoget. Dette vart erobra av Det osmanske riket på midten av 1400-talet. Området vart seinare invadert av Venezia på 1500- og 1600-talet, men kom tilbake til osmanarane. I 1821 vart Akhaía ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen. Dei første åra som gresk område vart Akhaía slått saman med Ilía i prefekturet Akhaía-Ilía fram til 1899. I 1909 vart dei igjen slått saman og først i 1936 vart dei igjen skild frå kvarandre. Området rundt Mataránga var ein del av Ilía fram til 1990-åra.
Mange flyktningar kom til Akhaía under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Pátra | Pátra | 168 034 | 169 886 |
Éjo | Ejália | 20 422 | 19 857 |
Káto Akhaía | Vest-Akhaía | 6 618 | 7 689 |
Ovryá | Pátra | 6 308 | 6 424 |
Río | Pátra | 4 664 | 5 430 |
Paralía | Pátra | 6 336 | 5 378 |
Ájos Vasílios | Pátra | 2 662 | 2 889 |
Deménika | Pátra | 2 783 | 2 845 |
Rododáfni | Ejália | 2 564 | 2 776 |
Vrakhnéika | Pátra | 2 571 | 2 640 |
Mindilógli | Pátra | 2 120 | 2 104 |
Diakoptó | Ejália | 2 183 | 1 912 |
Kalávryta | Kalávryta | 1 674 | 1 600 |
Aktéo | Pátra | 1 494 | 1 451 |
Akráta | Ejália | 1 393 | 1 329 |
Ejíra | Ejália | 1 462 | 1 309 |
Témeni | Ejália | 1 214 | 1 213 |
Sajéika | Vest-Akhaía | 1 038 | 1 210 |
Kamáres | Ejália | 1 218 | 1 194 |
Rojítika | Pátra | 1 288 | 1 194 |
Néo Soúli | Pátra | 756 | 1 048 |
Syliveniótika | Ejália | 1 165 | 958 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Achaea Prefecture» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2007.