Arrangert ekteskap

Eit arrangert ekteskap er eit ekteskap der valet av ektefeller blir utført av foreldra eller andre familiemedlemmar eller kjende av dei som skal gifta seg. Denne forma for ekteskap er spesielt vanleg i enkelte arabiske land og i India. I Europa og vesten var arrangerte ekteskap tidlegare vanlege i høgare sosiale lag.

William Hogarth sitt satiriske Ekteskapskontrakten frå ca. 1745 er ein del av biletserien Mariage à la mode, og viser inngåinga av eit arrangert eksteskap i den engelske overklassen.

Det er ein glidande overgang mellom arrangert ekteskap og ekteskap der ektefellane har funne kvarandre sjølv. Nokre gonger kan ein bruka uttryket semi-arrangert ekteskap om ekteskap som i alle fall delvis er inngått med assistansen eller godkjenninga til familien. I vestleg tradisjon var det til dømes lenge vanleg at ein mannleg friar først spurde far til den han ønskte å gifta seg med om løyve til å fri til henne.

Eit arrangert ekteskap som blir gjennomført til trass for at minst éin av partane er motvillige, blir kalla tvangsekteskap. I samfunnsdebatten blir desse omgrepa ofte blanda, og det kan iblant vera vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. Eit arrangert ekteskap går først over til å vera eit tvangekteskap når ein eller begge partane blir utsett for press eller tvang for å gå inn i ekteskapet. Medan tvangekteskap er forbode ved lov i Noreg og ei rekkje andre land, er arrangerte ekteskap fullt lovlege.

Kjelder endre