Arsenikk

kjemisk sambinding

Arsenikk, eller arsentrioksid (As2O3), er velkjent som eit effektivt stoff å forgifta menneske med.

Gift endre

Arsenikk er langt giftigare enn det reine grunnstoffet arsen. 0,1 g - 0,2 g arsenikk er normalt ein dødeleg dose, men ved langvarig inntak kan ein venja seg til å tola ganske store mengder.

Gifta er vanskeleg å oppdaga, av di ho gjev frå seg korkje smak eller lukt. Men det er lett å påvisa henne i kroppen etter dauden.

I mellomalderen var arsenikk ei frykta gift i fleire europeiske kongehus. Difor var det ikkje uvanleg at kongelege sjølv drakk litt av gifta for å vera motstandsdyktige dersom einkvan skulle freista å drepa dei.

Kjemi endre

 
Arsenikk

Arsenikk er eit oksid av arsen. Det har formelen (As2O3). Arsen har oksidasjonstrinn +3 i sambindinga. Andre namn på stoffet er arsen(III)oksid, arsentrioksid, arsensesquioksid og kvit arsenikk. Arsenikk er, som andre oksid, ei uorganisk sambinding.

Arsenikk er eit kvitt, fast stoff.

Bruk endre

Arsenikk vert brukt mot skadedyr og i tilverking av opaliserande glas og emalje.

Stoffet blei tidlegare noko brukt i små dosar som medisin mot blodsjukdommar og som styrkjande og appetittvekkjande middel.

I grunnvatn endre

Arsenikk finst naturleg i bergartar og sediment som mineralet arsenolitt (kubisk As2O3) og claudetitt (monoklin). Denne særs giftige sambindinga kan derfor finnast laust i grunnvatnet. Jamn eksponering for arsenikk kan mellom anna føre til auke førekomst av hud- og blærekreft. Det finst derfor grenseverdiar for kor mykje arsenikk grunnvatn kan innehalde. Mange land har høge arsenikk-konsentrasjonar i grunnvatnet, og særleg i Bangladesh og Vest-Bengal i India er arsenikk eit stort helseproblem.

Kjelder endre

«Aresenikk i grunnvann» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.