Arthur Harbour
Arthur Harbour er ei lita hamn mellom Bonaparte Point og Norsel Point på sørvestkysten av Île Anvers i Antarktiske Arkipel.
Arthur Harbour | |||
hamn | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°46′S 64°04′W / 64.767°S 64.067°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Arthur Harbour 64°46′00″S 64°04′00″W / 64.766666666667°S 64.066666666667°W | |||
Arthur Harbour vart grovt kartlagd av Den franske antarktisekspedisjonen (1903–1905) under Jean-Baptiste Charcot. Ho vart kartlagd i meir detalj i 1955 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), som oppretta ein stasjon inst i hamna.
Arthur Harbour vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1956 etter Oswald Raynor Arthur, som då var guvernør på Falklandsøyane.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arthur Harbour» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: