Norsel Point
Norsel Point er eit kupert nes på nordvestsida av Arthur Harbor, på vestenden av Amsler Island i Antarktiske Arkipel. Neset vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1955. Norsel Point vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter den norske selskuta «Norsel», som vart chartra av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) for sommaren 1954-1955 i samband med bygginga av stasjonen i Arthur Harbor. Norsel Point vart opphavleg rekna som ein del av Île Anvers fordi sundet mellom øya og Île Anvers var dekt av Marrbreen. Neset vart kalla Amsler Island, då isen trekte seg attende og synte at det var ei øy i 2004. USA Board on Geographic Names gav den nye øya namn i 2007, men held namnet Norsel Point for det vestlegaste punktet på øya.
Norsel Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Antarktiske Arkipel | ||
- koordinatar | 64°46′S 64°06′W / 64.767°S 64.100°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Norsel Point 64°46′00″S 64°06′00″W / 64.7667°S 64.1°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Norsel Point» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2012.