Arthur Eddington
Sir Arthur Stanley Eddington (28. desember 1882–22. november 1944) var ein britisk astrofysikar. Han er kjend for arbeidet sitt med relativitetsteorien og skreiv mange artiklar som annonserte og forklarte teorien til Einstein om generell relativitet for den engelsktalande verda.
Han var professor i astronomi og direktør for Cambridge-observatoriet frå 1913 og president i International Astronomical Union (IAU) frå 1938 til 1944. Han er kjent som grunnleggjaren av teorien om den indre strukturen til stjernene. På 1920-talet sette han fram teoriar om at stjerner ville kollapse om den indre temperaturen i dei ikkje var millionar av grader. Teorien hans gjekk ut på at den høge temperaturen kom av grunnstoffomdanning. I 1917 utforma han ein teori om pulseringane til cepheider, og i 1927 offentleggjorde han ein relasjon mellom masse og lysstyrke, som syner korleis lysstyrken til stjernene er avhengig av massen.
Han studerte òg forholdet mellom religion og naturvitskap.
Av dei viktigaste vitskaplege bøkene hans finn ein:
- Stellar Movements and Structure of the Universe (1914)
- Mathematical Theory of Relativity (1923)
- The Internal Constitution of the Stars (1927)
- Relativity Theory of Protons and Electrons (1936).
Han skreiv òg fleire populærvitskaplege bøker, som:
- Space, Time and Gravitation (1921)
- Stars and Atoms (1927)
- The Nature of the Physical World (1928)
- Science and the Unseen World (1929)
- The Expanding Universe (1933)
- New Pathways in Science (1935)
- The Philosophy of Physical Science (1939).
Kjelder
endre- Ringnes, Truls. (14. februar 2009). Arthur Stanley, Sir Eddington. I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.