Cambridgeshire (tidlegare kalla County of Cambridge; forkorting Cambs.) er eit grevskap i England, som grensar til Lincolnshire i nord, Norfolk i nordaust, Suffolk i aust, Essex og Hertfordshire i sør og Bedfordshire og Northamptonshire i vest. Dagens Cambridgeshire vart danna frå dei historiske grevskapa Cambridgeshire og Huntingdonshire, i lag med Isle of Ely og Soke of Peterborough. Det meste av regionen Silicon Fen ligg i grevskapet. Hovudbyen er Cambridge.

Cambridgeshire
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Aust-England
Areal 3 389 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

605 100
178,5 /km²
Etnisitet 94,6 % kvite
2,6 % sørasiatiske
Distrikt
  1. Cambridge
  2. South Cambridgeshire
  3. Huntingdonshire
  4. Fenland
  5. East Cambridgeshire
  6. Peterborough (einskapleg)

Historie endre

Den første kjende permanente steinalderbusetnaden i Storbritannia låg i Cambridgeshire. Andre gamle busetnader er Fengate og Balbridie.

Cambridgeshire vart omtalt i Domesday Book som «Grantbridgeshire» (eller meir korrekt Grentebrigescire) (jfr. elva Granta). Det dekkjer ein stor del av East Anglia og fleire lokale styresmakter er vorte slått saman til det Cambridgeshire er i dag. I 1888 vart grevskapsråda innførte og følgde den tradisjonelle oppdelinga av Cambridgeshire, for

  • området i sør rundt Cambridge, og
  • det sjølvstendige Isle of Ely.

I 1965 vart desse to administrative grevskapa slått saman til Cambridgeshire and the Isle of Ely. Etter grunnlovsendringa i 1972 vart dette grevskapet slått saman med eit anna grevskap i vest, Huntingdon and Peterborough (som igjen hadde oppstått då Huntingdonshire og Soke of Peterborough - tidlegare ein del av Northamptonshire med eige grevskapsråd - vart slått saman i 1965). Resultatet vart berre kalla Cambridgeshire.[1]

Sidan 1998 har City of Peterborough vore eit eige administrativt område, som ei einskapleg styresmakt, men høyrer til det seremonielle grevskapet Cambridgeshire av årsaker som statthaldarskapet og funksjonar som politi og brannvesen.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre