Eit eggledd (articulatio ellipsoidea) er ei oval leddflate, ein sokalla kondyle, som fyller ei elliptisk krumming for å danne eit ledd.[1] Desse ledda kan røre seg langs to plan gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon. Dei er eit toaksa ledd, det vil seie at det kan røre seg framover, bakover og sidelengs, men ikkje rotasjonelt kring ein akse.

1: Kuleledd; 2: Eggledd; 3: Sadelledd; 4: Hengselledd; 5: Glideledd

Døme på eggledd er handleddet (radiokarpalleddet), metakarpofalangealleddet og metatarsofalangealleddet.[2][3]

Kjelder

endre
  1. Holck, Per (6. februar 2015). «ledd». Store medisinske leksikon. Henta 8. april 2015. 
  2. Holck, Per (13. februar 2009). «radiokarpalleddet». Store medisinske leksikon. Henta 8. april 2015. 
  3. Rogers, Kara (2010) Bone and Muscle: Structure, Force, and Motion, s. 163]
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.