Metakarpofalangealledd
Metakarpofalangealledda (articulationes metacarpophalangeae), ofte forkorta til MCP-ledda, er dei ledda som koplar mellomhandsknoklane til falangane i fingrane. Dei dannar med andre ord fingerknokane mellom handa og fingrane. Desse eggledda blir forma ved at leddknokane i mellomhandsbeina fyller ut innoverkrumminga i den proksimale enden av grunnfalangane. Unnataket er grunnleddet i tommelfingeren, som er eit hengselledd.
Struktur
endreLeddband
endreAv leddband i fingrane finn ein volarplatene i interfalangeal- og metakarpofalangealledda og kollateralligamenta i metakarpofalangealledda.
Dorsale overflater
endreDei dorsale leddoverflatene er kledd med utvidingar av ekstensorsenene, i tillegg til noko laust bindevev som festar seg til dei djupe overflatene av senene i knoklane.
Funksjon
endreRørsle i desse ledda skjer gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon. Abduksjon og adduksjon er i stor grad avgrensa, og er umogeleg når fingrane er forma som ein knyttneve.
Musklane som styrer fleksjon og ekstensjon er:
Område | Fleksjon | Ekstensjon |
fingrar | flexor digitorum superficialis og profundus, lumbrikalar og interossar, og flexor digiti minimi brevis som støtter veslefingeren | extensor digitorum communis, extensor indicis proprius, og extensor digiti minimi proprius |
tommel | flexor pollicis longus og brevis | extensor pollicis longus og brevis |
Klinisk relevans
endreLeddbetennelse i metakarpofalangealleddet er eit kjenneteikn ved leddgikt, til skilnad frå osteoartritt, som kjenneteiknar dei ytre interfalangealledda.
Andre dyr
endreKodeledd er det tilstavarande leddet hjå mange firbeiningar, særleg hestar og hovdyr.
Kjelder
endre- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Metacarpophalangeal joint» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.