Fingerknokar, eller berre knokar, er leddknokar som blir forma av ledda i fingrane. Fingerknokane er særskild synlege når ein knyter handa for å forme ein knyttneve. Ordet er kognat med liknande ord i andre germanske språk, til dømes «knokkel» (nederlandsk) og «knöchel» (tysk). Fingerknokane er danna av metakarpofalangealledda[1] og interfalangealledda i fingrane.

Knyttneve med fingerknokar (sirkla i raudt)

Lyden som kjem når ein knekk knokar oppstår truleg fordi synovialvæska blir skoten inn i vakuumet som oppstår etter leddforskyvinga.[2][3]

Menneske har normalt 28 fingerknokar, 14 i kvar hand. Kvar av fingrane har tre knokar, medan tomlane har to.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Thumb Sprain Utah Mountain Biking
  2. Johns Hopkins Arthritis Center, Knuckle Cracking and Arthritis
  3. Brodeur R. (1995). «The audible release associated with joint manipulation.». J Manipulative Physiol Ther 18 (3): 155–64. PMID 7790795. 

Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.