Artur Tahir oğlu Rasizadə (fødd 26. februar 1935) er ein aserbajdsjansk politikar. Han var statsminister frå 20. juli 1996 til 4. august 2003 under president Heydər Əliyev. Han gjekk av for å gjera plass for presidenten sin son, İlham Əliyev, som vart utpekt til statsminister i forkant av presidentvalet i oktober 2003. Etter at İlham Əliyev hadde vunne presidentvalet utnemnde han på nytt Artur Rasizadə som statsminister, frå 4. november 2003. Han var statsminister fram til 2018.

Artur Rasizadə

Fødd26. februar 1935 (89 år)
Ganja
Statsborgar avSovjetunionen
PartiSovjetunionens kommunistiske parti (1968; 1991)
Yrkepolitikar, ingeniør, diplomat
Utdanna vedDet statlige aserbajdsjanske oljeakademi
FarTahir Rasizadə
Alle verv
  • Aserbajdsjans statsminister (2003–2018)
  • Aserbajdsjans statsminister (1996–2003) Sjå dette på Wikidata