Gandsja

by i Aserbajdsjan

Gandsja (aserbajdsjansk Gəncə) er den nest største byen i Aserbajdsjan med kring 315 000 innbyggjarar.[1][2] Han heitte Jelisavetpol under Det russiske imperiet. Byen tok attende det originale namnet Gandsja i 1920 då han vart innlemma i Sovjetunionen. Namnet vart i 1935 igjen endra til Kirovabad og hadde dette namnet fram til 1989 under perestrojka.

Gandsja (Gəncə)
by
City of Ganja Azerbaijan and Javadkhan mount.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Koordinatar 40°40′58″N 46°21′38″E
Høgd 408 m
Areal 110 km²
Folketal 313 300 (2009)
Tidssone GMT+4 (UTC+4)

Ganja
40°40′58″ N 46°21′38″ E
Azerbaijan adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gəncə
Nettstad: www.ganca.net

HistorieEndra

 
Sjah Abbas-moskeen.

Gandsja vart grunnlagd kring 859-860 av Mohammed Khaled, ein arabisk guvernør i regionen under kalif Al-Mutawakkil. Historisk var byen ein viktig by i Sør-Kaukasus og var ein del av Sassanideriket, Seldsjuk-ruket, atabegane av Aserbajdsjan, Khwarezmid-imperiet, Ilkahnatat,[3] Timurideriket,[4] jalayiridane,[5] Qara Qoyunlu,[6] Ak Koyunlu,[7][8] Safavide-, Afsharide-, Zand- og Qajar-rika i Persia/Iran, men ofte lokalt styrt av khanar og hertugar av Ganja-khanatet. Ganja er òg fødestaden til den kjende diktaren Nizami Gandsjavi

KlimaEndra

Klimadata for Ganja
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 6.5 6.8 11.9 19.2 23.4 27.9 31.4 29.9 26.0 19.3 12.6 8.3 18,60
Normal min. temp. °C -2.3 -1.2 2.2 7.7 12.2 16.3 19.5 18.3 15.2 9.2 4.5 0.0 −2,3
Nedbør (mm) 10 17 32 30 42 46 23 18 16 32 14 18
Kjelde: World Meteorological Organisation (UN) [9]

KjelderEndra