Arundel er ein marknadsby i West Sussex i England. Han ligg i området South Downs, ved elva Arun som han har gjeve namn til.

Arundel

Plassering
Arundel is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Sussex
Distrikt Arun
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 408
Koordinatar 50°51′N 0°33′W / 50.850°N 0.550°W / 50.850; -0.550
Diverse annan informasjon
Postnummer BN18
Telefon-retningsnummer 0 1903
Commons har multimedium som gjeld: Arundel

Byen ligg ved ein viktig vadestad i elva Arun. Normannarane bygde Arundel Castle for å forsvare denne strategisk viktige staden. Etterkvart voks det opp ein by sør for slottet. Seinare fekk elva, som opphavleg heitte Tarrant, nytt namn etter byen.

Bydistriktet var eit av dei 178 som vart reformert gjennom Municipal Reform Act 1835. Han vart i 1974 ein del av distriktet Arun, og er eit verdsleg sokn innanfor distriktet.

Arundel ligg nord for hovudvegen A27, medan Arundel stasjon betener Arun Valley Line.

I 2004 fekk Arundel status som Fairtrade Town.

Kjelder

endre