Arvīds Jansons
Arvīds Jansons (23. oktober 1914–21. november 1984)[1] var ein latvisk fiolinist og dirigent. Han var far til Mariss Jansons, som har leia fleire norske orkester.
Arvīds Jansons | |||
Fødd | 10. oktober 1914 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liepāja | ||
Død | 21. november 1984 (70 år) | ||
Dødsstad | Manchester | ||
Opphav | Latvia, Sovjetunionen | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | fiolin | ||
Verka som | dirigent, musikkpedagog, universitetslærar, fiolinist | ||
Born | Mariss Jansons | ||
Prisar | Stalinprisen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk |
Liv og virke
endreJansons studerte fiolin i fødebyen Liepāja (1929–35)[2] og komposisjon i Riga under Leo Blech (1940–44). Han var fiolinist i operaorkesteret i Liepāja (1940), som han seinare blei dirigent for (1944).
Jansons leia også det latviske radioorkesteret i nokre år (1947–52). Frå 1952 blei han fast dirigent ved St. Petersburg-filharmonien (den dåverande Leningrad-filharmonien) engasjert av Jevgenij Mravinskij. I 1956 flytta han til St. Petersburg der han leia filharmonien på turnear i bl.a. Europa og Japan ut livet.[3][4]
Jansons døydde av hjarteattakk under eit dirigentoppdrag med Halle Orchestra i Manchester.[5][6]
Utmerkingar
endre- 1. pris i den sovjetiske komponistkonkurransen 1946.
Kjelder
endre- ↑ Arvid Jansons i Store norske leksikon
- ↑ omtale[daud lenkje] fra Classics Online
- ↑ Svendsen, Trond Olav (30. august 2023). «Sankt Petersburg-filharmonien». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. april 2024.
- ↑ Svendsen, Trond Olav (23. august 2023). «Arvīds Jansons». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. april 2024.
- ↑ Norman Lebrecht, Mariss jansons – high drama on the podium (2000)
- ↑ Genzlinger, Neil (2. desember 2019). «Mariss Jansons, Who Led Top Orchestras, Dies at 76». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 2. desember 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Arvid Jansons» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2024.