Arvīds Jansons

(Omdirigert frå Arvid Jansons)

Arvīds Jansons (23. oktober 191421. november 1984)[1] var ein latvisk fiolinist og dirigent. Han var far til Mariss Jansons, som har leia fleire norske orkester.

Arvīds Jansons
Fødd10. oktober 1914
FødestadLiepāja
Død21. november 1984 (70 år)
DødsstadManchester
OpphavLatvia, Sovjetunionen
Sjangerklassisk musikk
Instrumentfiolin
Verka somdirigent, musikkpedagog, universitetslærar, fiolinist
BornMariss Jansons
PrisarStalinprisen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk

Liv og virke

endre

Jansons studerte fiolin i fødebyen Liepāja (1929–35)[2] og komposisjon i Riga under Leo Blech (1940–44). Han var fiolinist i operaorkesteret i Liepāja (1940), som han seinare blei dirigent for (1944).

Jansons leia også det latviske radioorkesteret i nokre år (1947–52). Frå 1952 blei han fast dirigent ved St. Petersburg-filharmonien (den dåverande Leningrad-filharmonien) engasjert av Jevgenij Mravinskij. I 1956 flytta han til St. Petersburg der han leia filharmonien på turnear i bl.a. Europa og Japan ut livet.[3][4]

Jansons døydde av hjarteattakk under eit dirigentoppdrag med Halle Orchestra i Manchester.[5][6]

Utmerkingar

endre
  • 1. pris i den sovjetiske komponistkonkurransen 1946.

Kjelder

endre
  1. Arvid Jansons i Store norske leksikon
  2. omtale[daud lenkje] fra Classics Online
  3. Svendsen, Trond Olav (30. august 2023). «Sankt Petersburg-filharmonien». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. april 2024. 
  4. Svendsen, Trond Olav (23. august 2023). «Arvīds Jansons». Store norske leksikon (på norsk). Henta 7. april 2024. 
  5. Norman Lebrecht, Mariss jansons – high drama on the podium (2000)
  6. Genzlinger, Neil (2. desember 2019). «Mariss Jansons, Who Led Top Orchestras, Dies at 76». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 2. desember 2019.