Arvid Torgeir Lie

Arvid Torgeir Lie (18. august 193819. mai 2020)[1] var ein norsk lyrikar frå Skafså.[2]

Arvid Torgeir Lie
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1938
i Skafså
Død

2020 (81 år)
Spydeberg

Yrke Forfattar
Påverka av Aslaug Vaa
Periode 1967 –
Ektefelle Liv Greaker
Debut Under fuglens vengjekross

Lie voks opp i Åmdalsverk[3], og studerte ved Universitetet i Oslo før han ei tid arbeidde som skogsarbeidar.[2] Han debuterte i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross, som var påverka av diktinga til Aslaug Vaa.[3] Han fekk sidan fått utgitt elleve diktsamlingar til, den seinaste kom i 2011. Lie skreiv også ei novellesamling og gjendikta bøker til norsk. Frå 1977 hadde han Statens garantiinntekt for kunstnarar (kunstnarløn).[2]

Han fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for Eksakthet. Nærvær, og Melsom-prisen i 2007 for Innfor den myndige og den umyndige beretninga.[4] Same året fekk han også Doblougprisen.[5]

Lie var busett i Spydeberg kommune sidan 1997.[2]

Bøker

endre
  • 1967 – Under fuglens vengjekross – diktsamling
  • 1968 – Snøvinter – diktsamling
  • 1969 – Frå eit halvt liv – diktsamling
  • 1971 – Skrive og tenke – diktsamling
  • 1973 – Sol og sekund – diktsamling
  • 1976 – Sju svingar opp – diktsamling
  • 1981 – Eit merkeleg hus – diktsamling
  • 1982 – Dikt i utvalg – dikt i utval
  • 1986 – Den nye maskina – novellesamling
  • 1990 – I eit Bergsto-år – diktsamling
  • 1995 – Eksakthet. Nærvær – diktsamling
  • 2001 – 39 fragment over ein harmonika – diktsamling
  • 2006 – Innfor den myndige og den umyndige beretninga – diktsamling
  • 2011 – Mot det ærlege lyset – diktsamling

Litterære prisar

endre

Referansar

endre
  1. Arvid Torgeir Lie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 26. mai 2020 frå https://snl.no/Arvid_Torgeir_Lie
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Eiliv Vinje. ««Arvid_Torgeir_Lie»». Norsk Biografisk Leksikon. Henta 14. mars 2012. 
  3. 3,0 3,1 Ottar Fyllingsnes (28. mai 1998). ««Arvid Torgeir Lie: -- Ein av dei viktigaste»». Dag og Tid. Henta 15. mars 2012. 
  4. «Melsom-prisen tildelt lyrikeren Arvid Torgeir Lie». Henta 15. mars 2012. 
  5. «Lie, Arvid Torgeir». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 15. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre