Asbjørn Dybwad
norsk forfattar
Asbjørn Dybwad (fødd 1924 i Tromsø, død 1973) var ein norsk forsikringsagent, forfattar, målar og radiokåsør. Han arbeidde ei tid som forsikringsagent, og det gav han eit innblikk i nord-norske forteljingar som han hugsa og bygde vidare på i bøkene og kåseria sine. Dybwad har av Arthur Arntzen vore karakterisert som «storlygar» i positiv forstand. På 1960-talet var han fast i radioprogrammet «Søndagsposten». Han var med på etableringa av Nordnorsk Forfatterlag.
Asbjørn Dybwad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. februar 1924 |
Død | |
Yrke | skribent |
Han blei heidra av Humorfestivalen i Tromsø i 2007, der han blei profilert ved at dei forskjellige aktørane på festivalen skulle tolke humoren hans som eit av innslaga sine.
Bibliografi
endre- Kraftkost og andre historia, Tromsø Bokhandels forlag (1964) og Samlaget (1990)
- Møljekalas, Tromsø Bokhandels forlag (1966) og Samlaget (1988)
- Hemmel og hav, Tromsø Bokhandels forlag (1972), også i oppsetning med Hålogaland Teater (2001)
- De skinnhelliges samfunn, roman, Dreyer forlag (1973) omslag av Karl Erik Harr
- Samlede skrøner, Angelica forlag (2000), (Kraftkost, Møljekalas og Hemmel og Hav i en utgivelse) illustrert av Ulf Dreyer og Dagfinn Bakke