Karl Erik Harr (fødd 8. mai 1940 i Kvæfjord ved Harstad i Troms) er ein norsk kunstmålar, teiknar, grafikar, illustratør og kunstskribent. Han er utdanna ved Statens Kunstakademi under Aage Storstein og Per Palle Storm frå 1962 til 1964. Han har illustrert fleire bøker, blant anna av Knut Hamsun, Petter Dass og Erik Bye, men òg bøker med eigen tekst. Han har utført fleire dekorasjonsoppdrag. Han debuterte på Statens Kunstutstilling i 1967. Sidan har han hatt ei rad separatutstllingar og kollektive utstillingar. Han er òg innkjøpt av Nasjonalgalleriet.

Karl Erik Harr
Karl Erik Harr.jpg
Fødd 8. mai 1940
Kvæfjord
Yrke illustratør, kunstmålar, grafikar, frimerkekunstnar

Heilt sidan 1960-talet har Karl Erik Harr vore ein av dei fremste nyromantiske kunstnarane i Noreg. Han arbeider i ein romantisk realisme med figurative, effektfulle bilete blant anna av nordnorsk natur og folkeliv.

I 1985 fekk han Petter Dass-medaljen. I 2007 vart han tildelt St. Olavs Orden av 1. klasse.

Karl Erik Harr er bror til biletkunstnarane Jan og Eva Harr.

Bøker med eigen tekst og illustrasjonar (utval)Endra

  • Og ytterst i verden (1973)
  • Skarvene på Ut-Røst (1974)
  • Nord i fjæra (1975)
  • Nattlys (1978)
  • Porten ved havet (1983)
  • Sirilund (1986)
  • Guds Nordenvind (1988)
  • Malerier fra nord (1993)
  • Der trollbåra bryt (1993), saman med Ola Bremnes
  • Trollfjell der nord (1995), saman med Trygve Hoff
  • Den vakreste reisen (1993)
  • Der skræg en fugl (1994)
  • Malerier (1995)
  • Fablenes farkost (1997)
  • Draumkvædet (1997)
  • Nordlandsbåten (1999)
  • Dragsug (2001)
  • Vindkast (2020), sjølvbiografi

Offentlege utsmykningsoppdrag (utval)Endra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra