Asbjørn Holm
norsk politikar
Asbjørn Antoni Holm (9. april 1921–4. februar 2001) var ein norsk politikar for Sosialistisk Folkeparti (SF). Han var stortingsrepresentant i periodane 1961–1969 for Nordland.
Asbjørn Holm | |||
Fødd | 9. april 1921 | ||
---|---|---|---|
Død | 4. februar 2001 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Sosialistisk Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
I 1963 var han saman med Finn Gustavsen sentral i Kings Bay-saka, der dei to SF-representantane valde å ikkje støtta det sitjande Arbeidarpartiet-regjeringa. Det førte til at Einar Gerhardsens tredje regjering måtte gå, og Lyng-regjeringa overtok. Tre veker seinare bidrog SF til å fella òg denne, og Gerhardsen kom attende.
Redningsskippar
endreSom yrkesaktiv var Holm fiskar og seinare skipper på ei redningsskøyte. Han vart òg distriktssekretær i Redningsselskapet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Holm» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2016.