Opna hovudmenyen

Finn Gustavsen (22. februar 192620. juli 2005) var den mest kjende politikaren frå partiet SF, forløparen til dagens SV.

Finn Gustavsen
Regjeringen Lyngs siste dag fra debatten i Stortinget - L0022 368bFo30141605120053.jpg
Fødd 22. februar 1926
Drammen
Død

20. juli 2005

Yrke politikar, journalist, redaktør
Finn Gustavsen på Commons

Gustavsen kom opphavleg frå Drammen. I ungdommen arbeidde han som industriarbeidar i Holmestrand, men frå 1947 som journalist i arbeidarpressa. Da den opposisjonelle avisa Orientering begynte å komme ut frå årsskiftet 1952-1953, var Gustavsen med. Dette førte til at han mista jobben i arbeidarpressa. Han heldt likevel fram som aktiv medlem i AUF, ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet.

Gustavsen spelte ei stadig viktigare rolle i Orientering, først som redaksjonssekretær, så som politisk journalist, og til slutt som redaktør. Han kritiserte blokkpolitikken og atomvåpenopprustinga og Arbeidarparti-leiinga for å støtte denne og for å ha forlate sosialismen.

Gustavsen var blant dei som blei ekskluderte (utestengde) frå Arbeidarpartiet i åra 1959-1961, og etter at Arbeidarpartiet sitt landsmøte i 1961 syntest å opne døra på gløtt for atomvåpen på norsk jord, var han med og skipa Sosialistisk Folkeparti. Sidan same året blei han vald inn på Stortinget frå Oslo.

Utover 1960-åra var Gustavsen i stor grad SF sitt ansikt utetter. Han framstod i media, ikkje minst i det nye mediet fjernsynet med ein ny og skarpare stil i forhold til dei vanlege politikarane. Dette og dei klare standpunkta gjorde han populær blant mange, men samtidig mislikt av andre. Saker Gustavsen fremja med kraft, slike som kamp mot medlemskap i EF/EU og mot USA sin brutale krig i Vietnam, gjorde at mange unge søkte til SF i denne tida. Men Gustavsen gjekk klart imot dei i ungdomsorganisasjonen SUF som ville omdanne SF-rørsla til eit kommunistisk parti basert på kinesaren Mao Zedong sine tankar. Desse maoistane braut med SF i 1969, og skipa sidan AKP (m-l) og RV.

I samlingsprosessen frå 1973 til 1975 da Sosialistisk Valforbund skulle bli til Sosialistisk Venstreparti, markerte Gustavsen heile tida skepsis mot Norges Kommunistiske Parti, og fleirtalet i dette partiet blei da heller ikkje med i samlinga til slutt.

Etter valet i 1973 var Gustavsen parlamentarisk leiar i stortingsgruppa til SV fram til 1975, da han trekte seg frå dette vervet etter ein konflikt med partileiar Berit Ås. I mellomtida hadde "Alcan-saka" om heimkjøp av aksjar i aluminiumsindustrien vore ei vanskeleg sak, der Gustavsen braut med resten av gruppa under røystinga på Stortinget.

I valkampen i 1977 blei Gustavsen saman med Berge Furre trua med riksrett fordi dei avslørte at regjeringa hadde ført Stortinget og folket bak lyset i den såkalla Loran C-saka, som dreia seg om norsk støtte til USA sin atomvåpenstrategi. Men etter valet viste det seg at riksrettssaka ikkje blei noko av. Gustavsen drog same året til Afrika for å arbeide med utviklingshjelp.

Finn Gustavsen døydde 20. juli 2005. Det er ingen tvil om at Finn Gustavsen var ein av dei store og markante politikarane i norsk etterkrigspolitikk.

BakgrunnsstoffEndra