Opna hovudmenyen

Asbjørn Solberg

norsk politikar

Peder Asbjørn Solberg (27. desember 189323. juni 1977) var ein norsk bonde og politikar. Han var fødd og delvis oppvaksen i Oslo og busett på Degernes i Østfold. Solberg representerte Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1945 til 1961.

Asbjørn Solberg
Fødd 27. desember 1893

Oslo

Død 23. juni 1977
Degernes
Parti Kristeleg Folkeparti

Liv og gjerningEndra

Solberg var son til ein gardbrukar i Rakkestad. Han gjekk i 1911-12 Smaalenenes amts skogskule. I 1913-14 var han avmålar for Saugbrugsforeningen i Halden og 1915-16 heradsblinkar i Rakkestad og Degernes. Frå 1917 til -20 var han heradskasserar og likningssekretær i Degernes. I 1918 tok han over svigerfaren sin gard i Degernes.

Før krigen hadde Solberg ei rekke lokale verv, mellom anna var han formann i likningsnemda, skulestyret og overformynderiet. Han hadde også leiarverv i indremisjonen og santalmisjonen. Heilt mot slutten av andre verdskrigen var han sambandssjef for heimestyrkane i Degernes. Frå 1946 til -65 var han styreformann i Rakkestad og Degernes brannkasse.

Solberg var ordførar i Degernes i 1945. Hausten 1945 kom han inn på Stortinget som representant for Kristeleg Folkeparti i Østfold, og var fast representant i fire periodar fram til 1961. Frå 1961 til 1965 var han fyrste vararepresentant. På Stortinget var han 1945-49 medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen, 1950-53 i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, samt 1958-65 i Landbrukskomitéen.

KjelderEndra