Ash-Shuyukh
Ash-Shuyukh eller al-Shuyukh (arabisk الشيوخ) er ein palestinsk by i Hebron guvernement som ligg 6 km nordaust for byen Hebron. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Ash-Shuyukh eit folketal på over 8 811 i 2007.[2]
Ash-Shuyukh | |||
الشيوخ, Al-Shuyukh | |||
kommune | |||
Namneopphav: Sjeikane[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°34′41.22″N 35°08′59.73″E / 31.5781167°N 35.1499250°E | ||
Areal | 22,1 km² | ||
Folketal | 8 811 (2007) | ||
Folketettleik | 399 / km² | ||
Ash-Shuyukh 31°34′41″N 35°09′00″E / 31.578116666667°N 35.149925°E | |||
Kart som viser Ash-Shuyukh.
| |||
Wikimedia Commons: Ash-Shuyukh |
Som resten av Hebron-området, er ash-Shuyukh eit jordbruksområde. Det vert hovudsakleg dyrka oliven, fiken, mandlar, linser, fersken og aprikos.[3]
Historie
endreOsmansk tid
endreDen franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, seint i osmansk tid. Han skreiv at landsbyen låg på ei høg klippe. Han hadde 200 innbyggjarar og ein liten moské tileigna "Cheikh Ibrahim el-Hedmi.»[4]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein velbygd landsby i høgt lende, og synleg frå Tekua. Det står nokre få tre rundt, og grotter. Vassforsyninga kjem frå cisterner, og det ligg ei kjelde i nord.»[5]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde 'Al Shiukh eit folketal på 792, alle muslimar[6] Dette hadde auka under folketeljinga i 1931 til 925 muslimar, i 180 hus.[7]
I 1945 var folketalet i Ash-Shuyukh 1 240 arabarar, som eigde 22 091 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 1 713 mål var plantasjar og irrigert land, 3 365 for korn,[9] medan 24 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 408
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ Shuyukh Jordbruk, Economy and Historie In arabisk
- ↑ Guérin, 1869, s. 150
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309
- ↑ Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10
- ↑ Mills, 1932, s. 33
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144
- Denne artikkelen bygger på «Ash-Shuyukh» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.